Ledig stilling som forskar på klimaomstilling

Sognefjordruta
Foto: Halvor Dannevig

Kunne du tenkje deg å forske på korleis vi kan løyse globale og lokale klima- og miljøutfordringar? Då kan denne stillinga vere noko for deg.

Ledig stilling

Vestlandsforsking søkjer etter ein ny forskar (forskar II eller forskar III) på områda klimaomstilling og klimatilpassing. Stillinga vil bli knytt til fleire pågåande forskingsprosjekt som omhandlar spørsmål om omstilling til eit lågutsleppssamfunn og tilpassing til klimaendringar. Du bør ha ei fagleg hovudforankring innan samfunnsfag og fortrinnsvis ha erfaring med både kvalitative og kvantitative metodar. Du må også ha grunnleggande kunnskap på klimafeltet. Søkjarar med relevant doktorgrad og forskarerfaring vil bli føretrekte. Søkjarar med relevant mastergrad vil óg bli vurdert.

Du må vere sjølvstendig og trivast med å arbeide med oppdragsforsking. Vi legg vekt på gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, arbeidskapasitet, og evne til å inngå i faglege fellesskap på tvers av disiplinar. Du må vidare ha god munnleg og skriftleg formuleringsevne både på norsk og engelsk.

Vi tilbyr fagleg interessante og utviklande oppgåver, godt arbeidsmiljø, gode samarbeidsnettverk, fleksibel arbeidstid, bedriftsidrettslag, gode pensjons- og forsikringsordningar og gode velferdsordningar.

Lønn etter avtale. Arbeidsstad er Sogndal.

For nærare informasjon om stillinga:

Forskingsleiar Halvor Dannevig, 97676397, hda@vestforsk.no

Direktør Merete Lunde tlf: 99607678, e-post: ml@vestforsk.no

Send søknad med CV, referanser og publikasjonsliste elektronisk til: post@vestforsk.no

Søknadsfrist er 1. mars.

Vestlandsforsking er eit forskingsinstitutt som utfører forsking og utvikling for næringsliv og offentleg sektor. Vi er 30 personar i eit spennande fagmiljø som arbeider med forsking innan klima, miljø, reiseliv og teknologi og samfunn. Vi har lange tradisjonar med internasjonalt forskingssamarbeid, og vi utfører både regionale og nasjonale forskingsoppdrag. Vi held til ved Fosshaugane Campus i Sogndal i Sogn og Fjordane. Her er vi lokalisert i eit aktivt og innovativt miljø med både forsking, utdanning, idrett og entreprenørskap. Sogndal er kjend for fantastisk natur og gode forhold for aktivt friluftsliv sommar som vinter.