Forskar - Innovasjon

test
Fosshaugane Campus, Foto: Falkeblikk AS

Søkjer du nye og utfordrande oppgåver og kan tenkja deg å jobba med oppdragsforsking i nært samarbeid med næringsliv og offentleg sektor, både regionalt, nasjonalt og internasjonalt? Då kan dette vera noko for deg. Vi tilbyr eit tverrfagleg forskingsmiljø med gode mulegheiter for fagleg utvikling.

Vi har ledig stilling som forskar innan innovasjonssystem og -prosessar i offentleg og privat sektor.  Vi har for tida god prosjektinngang, og treng å styrke fagområdet med ein forskar. Fagområdet dekkjer mellom anna velferdsteknologi, digitalisering, big data, innovasjon og reiseliv.

Forskingsaktiviteten vår er retta mot brukaropplevingar og integrering av teknologiske løysingar og effektar av IKT, samt innovasjonssystemet der både FoU, offentleg sektor og næringsliv deltek. Aktuelle prosjekt er:

  • Velferdsteknologi: Samarbeid med offentleg og privat sektor i Sogn og Fjordane
  • Innovasjon i offentleg sektor: Internasjonalt FoU-prosjekt der vi nyttar fylket som «living-lab»
  • Digitalisering: Nye løysingar for smartare rapportering frå kommune til stat
  • Innovasjon: Samhandling for auka innovasjon og verdiskaping i Sogn og Fjordane
  • Innovasjon og verdiskaping i forretningsnettverk: Nasjonalt prosjekt om regionale utfordringar og mulegheiter
Vi søkjer etter ein dyktig og motivert medarbeidar med relevant utdanning på master- eller doktorgradsnivå og med kompetanse og interesse for innovasjon og samspel mellom teknologi og samfunn.

Arbeidsoppgåver som ligg til stillinga er leiing og gjennomføring av forskingsprosjekt, publisering og formidling av forskingsresultat og  utvikling av nye prosjekt og prosjektsøknader

Du må trivast med å arbeide med oppdragsforsking.  Det vil bli lagt vekt på formell kompetanse, vitskapleg publisering og anna dokumentert forskingsinnsats, personlege eigenskapar og nettverk. Vi legg vekt på gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, arbeidskapasitet, og evne til å inngå i faglege fellesskap på tvers av disiplinar. Du må vidare ha god munnleg og skriftleg formuleringsevne både på norsk og engelsk.

Vi tilbyr fagleg interessante og utviklande oppgåver, godt arbeidsmiljø, gode samarbeidsnettverk, fleksibel arbeidstid, bedriftsidrettslag, gode pensjons- og forsikringsordningar og gode velferdsordningar.

Lønn etter avtale. Arbeidsstad er Sogndal.

For nærare informasjon om stillinga:

Forskingsleiar Ivar Petter Grøtte, tlf: 90828418, e-post: ipg@vestforsk.no
Direktør Merete Lunde tlf: 99607678, e-post: ml@vestforsk.no

Send søknad med CV og publikasjonsliste elektronisk til: post@vestforsk.no. Rettkjende kopiar av vitnemål og attestar/anna dokumentasjon sender du til: Vestlandsforsking, Postboks 163, 6851 Sogndal

Søknadsfrist er 30. mars 2016

Vestlandsforsking er eit forskingsinstitutt som utfører forsking og utvikling for næringsliv og offentleg sektor. Vi er 25 personar i eit spennande fagmiljø som arbeider med forsking innan klima, miljø, IT og reiseliv. Vi held til på Fosshaugane Campus i Sogndal i Sogn og Fjordane og har nettopp hatt 30-årsjubileum. Her er vi lokalisert i eit aktivt og innovativt miljø med både forsking, utdanning og entreprenørskap. Sogn og Fjordane er kjend for fantastisk natur og gode forhold for aktivt friluftsliv sommar som vinter.