Prosjektet tar utgangspunkt i at kommunar, andre offentlige etatar, bedrifter og frivillige organisasjonar har ulike utfordringar når det gjeld klimatilpassing, og at standardiserte «klimatilpassingsoppskrifter» ikkje vil treffe alle. Dette gjeld både regelverk og retningsliner på den eine sida, og konkrete naturbaserte utfordringar på den andre. Denne erkjenninga kan skapa ein eigna plattform mellom ulike deltakarar for kunnskapsutvikling og bruk av kunnskap til utforming av tiltak. Klimathon er eit forsøk på å etablere organisatorisk infrastruktur for refleksjon, perspektivutvikling og kompetanseheving, der involverte aktørar vil lære av kvarandre. Fordelen er at klimathon gjer arbeidet med å samle og strukturere kunnskap om klimatilpassing på tvers av offentleg- og privat sektor, lettare. Prosjektet tar sikte på å å vidareutvikla klimathon som arbeidsmetode på tre måtar: Samlinga klimathon III, hausten 2020, analysere samproduksjon som tematikk, innsamling av kvalitative data og refleksjon om kva rolle desse data kan ha i forskinga om klimatilpassing og -omstilling.

Start date:
End date:
Financed by:
Noradapt
In cooperation with:
NORCE
Vestland fylkeskommune
CICERO
Nordlandsforsking
CET, univeritetet i Bergen
Id:
6516-24
Project lead: