Vestlandsforsking oppsøkte vinteren

Foto - Kyrre Groven
Dei lekre skiløypene fekk ikkje ligge i fred då forskarar med nypreparerte ski inntok området. Foto: Kyrre Groven

Vestlandsforsking la årets personalsamling til høgfjellet. Nysnø og strålande sol sikra at dei som tok turen til Golsfjellet, fekk fine dagar i lag.

Når Vestlandsforsking kallar saman forskarar og administrativt tilsette til personalsamling, skal det godt gjerast å samle alle. Søknadsarbeid som hastar, trumfar det meste anna. Det same gjer deltaking på konferansar, viktige prosjektmøte og reiser som er bestilte lenge i førevegen.

Men 23 av til saman rundt 30 tilsette greidde Anders-Johan Almås å samle til to arbeidsdagar på trivelege Oset Høyfjellshotell.

Foto
Leiargruppa ved Vestlandsforsking. Foto: Kyrre Groven

Tips frå forskning.no

På leiinga sitt program stod særleg spørsmål som dreier seg om inndeling i forskargrupper og fokusområde for 2020.

Eitt av desse fokusområda er kommunikasjon, og Vestlandsforsking henta Bjørnar Kjensli, redaksjonssjef i Forskning.no, ein snartur frå redaksjonen ved Akerselva for å dele av si innsikt om korleis forskarar best kan nå ut med funna sine.

Elles fekk forskings- og gruppeleiarane disponere mykje av tida. Ida Tidemann-Andersen orienterte òg kort om det kommande forskingsprogrammet til EU-kommisjonen, Horisont Europa. Programmet gjeld frå 2021 av.

 

Foto - tilsette
Dei tilsette er benka for å lytte til leiinga si. Bilreklamen i bakgrunnen kjem av at instituttet delte plassen med importøren av bilmerket Audi. (Foto: Kyrre Groven)

Høgfjellets gleder

Når ein legg personalsamlingar til høgfjellshotell, må ein òg rekne med ein del tid ute i sola og snøen. Dei ivrigaste fekk slukt nokre mil på ski under nærast perfekte forhold. Oset Høgfjellshotell la òg til rette for ei varm og triveleg samling i lavvoen Åttekanten, med ein relativt ung musikk-kviss per Kahoot og litt eldre halling-humor som underhaldning.

Knallraud beltebil som transport til og frå vekte elles begreistring hjå dei som ikkje tok skøyteskia fatt for å ta seg fram i minusgradene.

Foto av tilsette
Tilsette ved Vestlandsforsking.