""
Merete Lunde, Hilde G. Corneliussen, gjest Bridgette Wessels og Gilda Seddighi har gode arbeidsdagar i Sogndal.

Denne veka kunne ideane myldre kring same bord, når professor Bridgette Wessels frå Universitetet i Glasgow er på gjesting hjå Vestlandsforsking.

Ved Vestlandsforsking har vi som mål å jamt ha knyta til oss internasjonale gjesteforskarar. I
år er det Bridgette Wessels. Saman med Hilde G. Corneliussen og Gilda Seddighi utviklar ho
no eit nytt forskingsprosjekt, som gruppa søkjer finansiert frå Forskingsrådet. Bridgette
Wessels er professor i fagkrinsen sosial ulikhet i den digitale tidsalder, med bakgrunn
mellom anna frå Universitetet i Glasgow. Ho forskar for det meste på sosiale endringar, bruk
og utvikling av digital teknologi.

– Sjølv om vi jamleg samarbeider på tvers av nasjonale grenser er det ekstra fint å kunne
møtast og ha noko tid saman, seier direktør Merete Lunde ved Vestlandsforsking. Kva
prosjektet skal heilt konkret skal handle om, er enn så lenge hemmeleg. Men spanande blir
det, lovar gruppa. Det er nok av forskingsutfordringar å ta tak i når det gjeld digitalisering og
arbeidsliv.