Ledig stilling som trainee innan klimatilpassing

Sognefjordruta
Foto: Halvor Dannevig

Kunne du tenkje deg ei traineestilling der du skal forske på korleis vi kan løyse globale og lokale klima- og miljøutfordringar? Då kan denne stillinga i Sogndal vere noko for deg.

Ledig stilling

Vestlandsforsking er med i det fylkesdekkjande traineeprogrammet for Sogn og Fjordane med arbeidsgjevarar frå ulike fagfelt i både privat og offentleg sektor. Sjekk nettsida for meir info: Framtidsfylket Trainee.

Vi søkjer etter ein dyktig og motivert trainee med utdanning på masternivå innan samfunnsfag som er oppteken av å finne løysingar for tilpassing til klimaendringar.

I traineestillinga vil du arbeide med fleire pågåande prosjekt innan forsking, utvikling og utgreiing som omhandlar spørsmål om tilpassing til klimaendringar. Oppgåver knytt til omstilling til eit lågutsleppssamfunn kan óg vere aktuelt. Du vil du inngå i faglege fellesskap på tvers av disiplinar og forskingsinstitusjonar i arbeidet med å få fram ny kunnskap, og korleis samfunnet kan nytte kunnskapen. Du vil vere med på både fagleg og administrativ gjennomføring av forskingsprosjekt, publisering og formidling av resultat og utvikling av nye prosjekt og prosjektsøknader.

Sjå heile utlysninga og søk stillinga på nettsida til Framtidsfylket