Mobile Moods er eit idelab-prosjekt med stønad frå Noregs forskingsråd. Målet er å utvikla heilskaplege konsept for mobile bu- og som kan plasserast i unike naturomgjevnader og historiske miljø. Bygga skal vera miljømessig berekraftige og ha høg estetisk, arkitektonisk og teknisk kvalitet, tilpassa ei kravstor brukargruppe.

Forskinga i prosjektet handlar om å utvikla og testa prototypar, og sjå på bygningsmateriale som er berekraftige og har god toleevne for transport og klimaendringar. Prosjektet handlar også om å ta i bruk ny teknologi for å dra nytte av regnvatn, solceller og alternative renovasjonsløysingar. Mobile Moods vil i tillegg kunne fungere som testing av marknadspotensial i eit område utan å investera stort eller gjera fysiske inngrep.

Prosjektet skal også ta føre seg modellar for eigarskap og drifts- og forretningsplan.

Vestlandsforsking ein av tre forskingspartnarar, saman med Akvaplan-niva og Norsk institutt for kulturminneforsking. I samarbeidsprosjektet deltek òg Fjærland Fjordstove, dei to turoperatørane Hvitserk of Norway og Wild Norway, og dei tre nettverksorganisasjonane Arctic-365, NCE Tourism Fjord Norway og LofotenMat.

Start date:
End date:
Financed by:
Norges forskningsråd
Id:
6507
Project lead:
Project staff: