Velferdsteknologi for kommunane i Sogn og Fjordane -spreiing og implementering

Notat
Id:
2018-3

Notatet oppsummerer aktivitetane i fase 4 av fylkesprosjektet Velferdsteknologi for kommunane i Sogn og Fjordane. Det gir og ein samanlikning av status i 2017 samanlikna med 2014 då første fase av prosjektet starta. Kunnskapen om og bruken av velferdsteknologi i kommunane i Sogn og Fjordane har utvikla seg mykje i løpet av desse åra, og kommunane har også i stor grad utvikla faglege nettverk til støtte for vidare implementering og oppfølging av velferdsteknologi i den einskilde kommune.