Internasjonalt samarbeid om innovasjon i offentleg tenesteyting

""
Frå venstre: Jan Olav Larsen, EKS; Marta Strandos, Utviklingssenter for sjukeheimar og heimetenester i Sogn og Fjordane; Hilde G. Corneliussen og Ivar Petter Grøtte, Vestlandsforsking og IT-forum

Denne veka er forskarar og aktørar frå Irland, Storbritannia, Sverige, Finland og Norge samla til avslutningskonferanse for eit tre-årig samarbeid om innovasjon i offentleg sektor.

Aktuelt

Avslutningskonferansen for det internasjonale prosjektet IMPROVE finn stad ved Walaker hotell tysdag 10. april – onsdag 11. april. Prosjektdeltakarar frå regionar i Irland, Storbritannia, Sverige, Finland og Norge vil delta på konferansen.

IMPROVE er forkorting for “Involving the community to co-produce public services”. Prosjektet som omhandlar innovasjon i offentleg sektor starta opp våren 2015, og målet har vore å forbetre utvikling av offentlege tenester ved å utveksle kunnskap over landegrenser.

I prosjektet har Sogn og Fjordane fungert som eit «levande laboratorium» for å studere korleis det vert arbeidd med velferdsteknologi og e-helse. Dei andre regionane i dei andre landa har nytta dei same eller andre eksempel. Felles for dei alle er at modellar og verktøy for innovasjon er blitt utvikla gjennom ein «Living-lab»-metode, der samarbeid mellom brukarar i utvikling av offentlege tenester vert vektlagd. I IMPROVE-prosjektet vert erfaringar utveksla over landegrenser, og avslutningskonferansen vil summere opp lærdommar frå arbeidet.

Avslutningskonferanse 10. – 12. april ved Walaker Hotell

Det er assisterande fylkesmann, Gunnar O. Hæreid, som opnar konferansen. Jan Olav Larsen frå Energikompetansesenteret i Nordfjord, Marta Strandos frå Utviklingssenter for sjukeheimar og heimetenester i Sogn og Fjordane og Ivar Petter Grøtte ved Vestlandsforsking vil presentere korleis det vert arbeidd med velferdsteknologi og e-helse i Sogn og Fjordane.

- I prosjektet blir det lagt vekt på å involvere og invitere brukarar til ein samproduksjon av offentlege tenester, noko som er ekstra viktig når ein snakkar om teknologidrivne helsetenester, seier Ivar Petter Grøtte, frå Vestlandsforsking og representant for IT-forum, som er det samlande nettverket for satsinga på velferdsteknologi og e-helse i Sogn og Fjordane.

Nytenkjande kommunar i Sogn og Fjordane

Vi vil i åra som kjem etterspørje teknologi som gjer det lettare og tryggare for  eldre å bu heime, sjølv om helsa byrjar å skrante. Kommunane vil få store utfordringar framover ved at det vert stadig fleire eldre. Samfunnet må difor finne nye og rimelegare måtar å yte gode omsorgstenester på. Løysinga kan vere velferdsteknologi med tryggleiksalarmar, sporingsteknologi, aktiviseringsteknologi, kognitive- og sosiale stimuleringsverktøy og smarthusløysingar.

I Sogn og Fjordane er alle 26 kommunane blitt med i eit nettverk for velferdsteknologi, og det er stor interesse for å ta i bruk nye metodar innan pleie- og omsorgssektoren. Fleire pilotprosjekt er allereie i gang, og erfaringane frå desse vert verdifulle for alle kommunane i fylket. Gjennom IMPROVE-prosjektet, har resultata frå desse «Living lab»-studiane blitt delt med 5 ulike regionar i Europa.

EU samarbeid om framtidsretta offentlege tenester

Prosjektet er eit resultat av initiativ frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane sommaren 2014 om samarbeid om internasjonale FoU-prosjekt på velferdsteknologi. Bakteppet var Helsedirektoratet si målsetting om storstilt bruk av teknologi i helse- og omsorgstenestene i kommunane innan 2020.

IMPROVE-prosjektet er finansiert under EU sitt Interreg program VB Nordlig Periferi og Arktis 2014 - 2020, som er ein del av EU sitt territoriale samarbeid for å fremja sosial og økonomisk integrasjon over landegrensene.