Thierry Béchet vitja Vestlandsforsking

""
Frå venstre: Thierry Béchet og Ivar Petter Grøtte. I forgrunnen studenter frå United World College

EU sin ambassadør i Norge, Thierry Béchet, har denne veka vore to dagar i Sogndal. Han vitja Vestlandsforsking onsdag 21. februar og fekk høyre om forskingsaktiviteten ved instituttet og deltakinga i EU sine forskingsprogram.

Aktuelt

EU-ambassadøren fekk informasjon om korleis Vestlandsforsking har arbeidd med EU-prosjekt frå byrjinga av 1990-talet fram til i dag, og kva innverknad det har hatt for forsking, innovasjon og arbeidsplassar i regionen. Han fekk også ei orientering om ulike forskingsprosjekt som instituttet er involvert i knytt til berekraftig klimaomstilling på regionalt, nasjonalt og internasjonalt nivå.

Det var forskarane Ivar Petter Grøtte, Hans Jakob Walnum og Zuzana Nordeng ved Vestlandsforsking som tok imot Thierry Béchet. Med på møtet var også elevar frå Røde Kors United World College, studentar og tilsette ved Høgskulen på Vestlandet.

Béchet deltok på MOVE-konferansen som vart arrangert av Høgskulen på Vestlandet 21. februar. Zuzana Nordeng ved Vestlandsforsking var ein av innleiarane på konferansen som er knytt opp til EU-prosjektet MOVE som handlar om ungdomsmobilitet i Europa.