Ny forskar til Vestlandsforsking

""

Anna Maria Urbaniak-Brekke er tilsett som forskar ved Vestlandsforsking frå 1. januar 2018. Her skal ho forske på reiseliv og sunt friluftsliv.

Aktuelt

Anna Maria Urbaniak-Brekke frå Polen har budd i Noreg i to år. I jula tok ho med den norske mannen sin og flytta til Sogndal for å jobbe ved Vestlandsforsking. – Eg er veldig spent, men mest av alt gler eg meg til å komme i gang, sa ho dagen før ho flytta.

Anna Maria interesserer seg for reiseliv, og har både utdanning, arbeidserfaring og forskingserfaring innan reiseliv. I Polen har ho tatt master både i internasjonalt reiseliv ved University School of Physical Education og i internasjonale relasjonar ved Adam Mickiewicz University. Ho har jobba med å organisere og selje turar til Noreg for polske turistar, og ho har jobba med marknadsføring på Tørvis Hotell og kundeservice på Walaker Hotell.

Anna Maria er no i ferd med å ferdigstille ph.d-arbeidet sitt ved University School of Physical Education i Poznan. Ho ser på korleis kommunar påverkar nivået av fysisk aktivitet i lokalsamfunn, og har funne at kommunane si tilrettelegging for fysisk aktivitet har mykje å seie for kor aktive innbyggjarane er. Ho har samanlikna lokalsamfunn i Polen med lokalsamfunn i Noreg. Ho skal forsvare doktorgradsarbeidet sitt til våren.

Kultur, fysisk aktivitet og friluftsliv

Ved Vestlandsforsking vil Anna Maria sjå nærare på korleis ein kan utvikle turisme basert på kultur, fysisk aktivitet og friluftsliv i regionen.

– Reiselivsnæringa i fylket har eit natur- og kulturgrunnlag i verdsklasse, og Sogn og Fjordane vert stadig meir attraktivt som reisemål. Vi har som mål at forskingskompetansen i Vestlandsforsking skal vere eit konkurransefortrinn for det regionale reiselivet for å få til berekraftig utvikling og verdiskaping i reiselivet. Med tilsettinga av Anna Maria vil forskingsgruppa vår bli styrka med viktig kompetanse, og vi er glade for å ha ho med på laget, seier Merete Lunde, direktør ved Vestlandsforsking.

Vil bidra til auka kunnskap om reiseliv

Ved Vestlandsforsking er 11 av forskarane involvert i forskingsaktivitetar på reiselivsområdet, og miljøet har eit stort nasjonalt og internasjonalt nettverk. Forskingsområda ved instituttet er delt i tre hovudområde; digitalisering i reiselivet, opplevingsturisme og berekraftig reiseliv. Ei rekke forskingsprosjekt er på gong om både cruiseturisme, klimaeffektar på reiselivet, ratingssystem og redningsaksjonar i fjellet.

– Med sine to mastergrader, doktorgradsarbeid i sluttfasen og praktisk erfaring frå reiselivsbransjen vil Anna Maria bidra med nyttig kompetanse til forskingsgruppa ved instituttet, seier Merete Lunde.