Miljøgifter på avvege i alle kommunar

""
Torunn Hønsi. Foto: Idun A. Husabø

Ingen har oversikt over dei små og mellomstore giftlagera som finst i alle norske kommunar. Med meir nedbør, flaum og skred fryktar forskarar at gifta blir spreidd ut i naturen.

Aktuelt

I juli 2017, etter eit døgn med uvanleg kraftig regn, vart delar av vestlandsbygda Utvik rasert. Fordi ekstremregnet var ultra-lokalt, slapp nabobygda Innvik unna med få skadar. Hendinga var spesiell for klimaforskar Torunn Hønsi ved Vestlandsforsking, som nettopp denne sommaren hadde kartlagt kjelder til miljøgifter nettopp i denne kommunen – Stryn. Medan ho i Utvik berre hadde funne ei enkelt kjelde til miljøgifter, hadde ho plotta inn heile 7 prikkar i nabobygda Innvik. Prikkane på kartet var samla kring elvemunninga og fjorden, og viste til eit nedlagt deponi, ei villfylling, ei småbåthamn, eit gartneri og ein bilverkstad.

– Vi spør oss jo kva som kunne ha blitt vaska ut i fjorden om denne kraftige flaumen hadde treft berre nokre kilometer lengre nord, seier toksikolog og klimaforskar Torunn Hønsi ved Vestlandsforsking.

Skjulte og gløymde

1970-talet var søppelfyllinganes sine glansdagar. Tiåret etter fekk vi miljødetektivane si stordomstid. Frederic Hauges Bellona såg industrien i korta og klaga på innsatsen til Statens forureiningstilsyn. Ungar var miljøagentar i Blekkulf si teneste. Fokuset på giftige utslepp og ureining var tydeleg. Men sjølv om vi i dag høyrer mindre om gamle miljøsynder, finst dei framleis nede i bakken, der miljøgiftene siver langsamt ut. Kjeldene finst dessutan over heile landet – og kommunane manglar oversikt, slår Vestlandsforsking fast i ein av rapportane frå forskingsprosjektet Toksklim.

– Det dreier seg ikkje berre om gamle deponi og fyllingar som ligg faretrugande nær ein fjord eller eit vassdrag, seier Hønsi. Miljøgiftene finn vi i bilvrak, ved skytebaner, i gamle frukthagar, småbåthamner, båtbyggjeri og gartneri – stader som finst i ein kvar kommune.

Klimaendringane er grunnen til at forskarane no børstar støv av problematikken med miljøgifter. For som den flaumråka bygda Utvik, kan stader over heile landet bli råka av ekstremvêr. Mange stader kan flaum og skred føre til at lagra gifter brått blir spreidde til elvar eller fjordar, der dei endar opp i munnen på småkryp og fisk.

Få miljøgifter registrerte

Men sjølv om det finst gift i grunnen i kvar einaste kommune, er berre ein brøkdel av desse stadene registrerte i databasen Grunnforurensning og kjende for miljøstyresmaktene, slik lova krev. Det som er registrert, er som regel dei største kjeldene, som grunnen under ein fabrikk. Det er dei små og mellomstore kjeldene vi manglar oversikt over. 

– Nettopp desse mange små og diffuse giftkjeldene bidreg truleg mest til totalutsleppet vi har no, etter at dei store industriutsleppa er meir under kontroll, seier Hønsi.

Behov for å kartfeste

Viss kommunane berre visste kor miljøgiftene låg, ville problemet vere mindre. Då kunne dei ta nødvendige omsyn i arealplanlegginga si for å førebyggje lekkasjar som kan skade menneske, dyr og miljø. For å vise korleis ein kommune kan gå fram for å finne giftene, har Vestlandsforsking brukt tre kommunar som eksempel.

I Stryn kommune i Nordfjord var berre fire giftkjelder registrerte i databasen Grunnforurensning, men i samarbeid med forskarane fann kommunen fram til 32 nye. I kystkommunen Flora låg 11 inne i databasen, medan forskarane fann 40 nye. Industrikommunen Odda i Hardanger hadde 14 registreringar frå før, men forskarane fann likevel 21 nye.

– Vi snakkar ikkje om ein krevjande kartleggingsprosess, men om ein times arbeid med ei spørjeliste og eit kommunekart, seier forskaren.

Farlege gifter

Miljøgiftene kan leke ut både gjennom brå hendingar eller over lang tid. Uansett er problemet at desse giftene ikkje blir vekke.

– Dei kan òg skade alt frå småkryp og fisk lokalt til isbjørnar på Svalbard langt vekk frå utsleppsstaden, åtvarar Hønsi.

Lista over dei ulike stoffa som kan sive ut i naturen, er dessutan lang og vond. Du har kanskje høyrt om DDT og PCB, men kva med bisfenol A, siloksanar, bromerte flammehemmarar og ftalatar? Døma på korleis desse stoffa kan skade oss, ungane våre og evna deira til å få barn, er heller ikkje triveleg. I tillegg kjem skadane på fuglar, dyr og andre skapningar og nifse verknader som forskarane framleis ikkje kjenner rekkevidda av – som korleis ulike miljøgifter kan verke saman.

– Det mange ikkje veit, er at sider ved klimaendringane attpåtil kan få miljøgiftene til å bli meir skadelege. Til dømes vil auka temperatur og havforsuring kunne auke opptaket av stoffa i organismar og gjere giftverknaden større, seier Hønsi.

Hopar seg opp i dyrekroppar

Når dei farlege stoffa først er frigjorde i naturen, tek levande organismar dei opp i kroppane sine. Dei hopar seg opp i dei største – dei som et mindre dyr. Og slik blir vi menneska, saman med dei største rovfuglane og rovdyra, sjølv offer for vår uforsiktige omgang med farlege stoff.

For dyra er det særleg formeiringsevna som står på spel. Det handlar òg om at dyr møter stadig fleire påkjenningar, som innskrenka leveområde, lågare pH i vatnet eller varmare vêr. Samspelet mellom alt som endrar seg, kjenner forskarane for dårleg. Dei veit ikkje kva som vil skje når miljøgifter i kroppen kjem i tillegg til andre endringar.

– Det som er lagra i dyra sine kroppar er kanskje under eit giftig nivå, men med varmare vêr og høgare forbrenning, kan dette endre seg, understrekar Hønsi.

Stemoderleg behandla felt

Først når ein legg dei ulike naturfarekarta oppå kartet over miljøgift-kjelder, får ein det fullstendige risikobiletet for spreiing av ureining ut i vassdrag og fjord. Framskrivingane for nedbør tilseier at det mange stader blir nødvendig å rydde opp for å førebyggje farlege lekkasjar.

– Eg har inntrykk av at dette feltet er blitt stemoderleg behandla, seier Hønsi. Kanskje er forklaringa at samspelet mellom klimaendringar og miljøgifter ligg i skjeringspunktet mellom ulike fagansvar i forvaltninga, og at plikta til å registrere forureina grunn er delt mellom kommunane, Fylkesmannen og Miljødirektoratet.

– Hovudtrykket har nok vore på å gjere noko med klimautsleppa, men det er på tide å ta tak i tilpassinga til klimaet vi har i vente, og unngå at eit verre klima fører til meir forureining og spreiing av miljøgifter ut i matfatet vårt, seier Torunn Hønsi.

Forskinga artikkelen viser til er finansiert av Regionalt forskningsfond Vestlandet

Referanse:

Kartlegging av kunnskap, forvaltningspraksis og rettleiingsbehov om lokale kjelder til miljøgifter, vassforvaltning og klimatilpassing i kommunane – del 1 (notat, Vestlandsforsking)

Kartlegging av kunnskap, forvaltningspraksis og rettleiingsbehov om lokale kjelder til miljøgifter, vassforvaltning og klimatilpassing i kommunane – del 2 (notat, Vestlandsforsking)

Kva veit forvaltninga om spreiing av miljøgifter som følgje av klimaendringar?

 

Sjå også oppslag i Nationen, 7. november: Våtare klima kan sette fri gamle miljøsynder