Bestill ein forskar!

""
Frå venstre: Hilde G. Corneliussen, Agnes B. Engeset, Merete Lunde, Svein Ølnes og Idun A. Husabø

Kva med eit gratis foredrag i lunsjen eller på ei personalsamling? Under Forskingsdagane 20. september til 1. oktober låner Vestlandsforsking ut forskarar.

Forskingsdagane

Forskingsdagane er ein nasjonal festival som går føre seg frå 20.september til 1.oktober. Ved Vestlandsforsking er vi opptekne av å dele kunnskapen vi er med på å bygge. I år vil vi difor tilby gratis føredrag, altså at du kan få ein forskar til å komme til arbeidsplassen din og snakke om eitt av temaa nedanfor.

Du kan velgje mellom fire tema. Dei fire føredraga tek for seg kvinner i IT-bransjen, den digitale valutaen Bitcoin, eit framtidig arkiv for reiselivshistorie og eit digitalt ROS-verktøy som kan gjere det lettare for kommunane å ta omsyn til klimaendringane i arealplanlegginga.

Interessert i å bestille eit gratis føredrag? Ta kontakt med oss på post@vestforsk.no eller 906 33 600. Bestillinga blir formidla vidare til forskaren, som tek kontakt for å avtale tid og stad.

Førstemann til mølla gjeld!

Meir om føredraga:

Programmering og IT – kven hadde trudd det skulle bli noko for menn?

Verdas første elektroniske datamaskin vart i 1945 programmert av seks kvinner. Mange kvinner var engasjert i programvare-bransjen og i å utvikle programmeringsspråk på 1950- og 60-talet. Ei av desse sa i eit intervju: "It really amazed me that these men were programmers, because I thought it was women's work!" Det var altså ikkje so openbert at IT skulle bli eit mannsdominert felt. Kvifor vart det slik? Og ikkje minst, kvifor er det så få kvinner som vel IT som utdannings- og yrkesveg i eit av verdas mest likestilte samfunn?

Hilde G. Corneliussen har forska på desse spørsmåla i meir enn 20 år ved Universitetet i Bergen og Vestlandsforsking. Ho vil dele av si forskingsbaserte innsikt og eigne studiar på feltet. Corneliussen er forskar ved Vestlandsforsking, der ho er prosjektleiar for "Kvinner i teknologi-drivne karrierar i rurale strøk" under NORDWIT, eit Nordic Centre of Excellence finansiert av programmet Nordforsk i perioden 2017-2022.

Bitcoin og blokkjede-teknologi

Bitcoin representerer eit gjennombrot på fleire måtar. Det er det første systemet som integrerer pengar direkte med Internett, og det er også det første systemet som let deg sende verdiar direkte til ein annan person utan at du må gå via ein tredjepart – til dømes ein bank. På same måten som Internett i si tid opna opp for mange nye tenester, opnar Bitcoin opp for nye måtar å løysa ting på. Og akkurat som med Internett, følgjer det med ein del utfordringar. Presentasjonen vil gjera at du betre forstår kva Bitcoin er og kva det kan brukast til. Bruksområdet for teknologien bak bitcoin – blokkjede-teknologi – er mykje vidare enn dei fleste trur. Ikkje minst kan offentleg sektor få stor nytte av teknologien.

Svein Ølnes er gruppeleiar i teknologi og samfunn ved Vestlandsforsking. Han har 20 år bak seg som prosjektleiar for ulike IT-prosjekt, med hovudvekt på IT-bruk i kommunar og statlege verksemder. Sidan 2011 har Svein interessert seg for Bitcoin, han tok nyleg ein mastergrad i digitale valutaer ved Universitetet i Nicosia. 

Kva verdi har reiselivshistorie?

Å bygge opplevingar rundt historie er ein sterk, global trend i opplevingsnæringane. Kva for historier kan reiselivsbedrifter bygge si merkevare rundt? Vestlandsforsking er for tida engasjert i å få oppretta eit nasjonalt bransjearkiv for norsk reiselivsnæring. Norsk olje- og gassarkiv er alt etablert i Stavanger, og eit sjømat-arkiv er under oppsegling i Bergen. Med det fremste fylkesarkivet i landet og det nyopna Norsk Reiselivsmuseum i Balestrand, meiner initiativtakarane det er naturleg at eit bransjearkiv blir lagt til den tunge turistregionen Sogn. Føredraget skisserer innhaldet i dette pilotprosjektet, der Vestlandsforsking samarbeider med Fylkesarkivet og Norsk Reiselivsmuseum. Gitt at finansieringa kjem på plass, er tanken at arkivet skal utvikle diverse betalingstenester for reiselivsbedrifter. Det kan til dømes handle om å digitalisere gamle fotografi eller skrive tekstar om utvalde tema.

Agnes B. Engeset er etnolog og forskar på rural turisme, fritid og fritidsforbruk og berekraftig reiseliv. Ho har arbeidd ved Vestlandsforsking sidan 2008. Som doktorgradsstipendiat skriv ho om korleis gardsturisme og distriktshotell tilpassar seg endringar i reiselivet.

Eit digitalt verktøy for risiko- og sårbarheitsanalyse

Klimaendringane gjer at det blir endå viktigare å bygge trygt for framtida. Kommunane si arealplanlegging er ein av nøklane til denne høgst nødvendige førebygginga av naturskadehendingar, og difor er grundige risiko- og sårbarheitsanalysar eit viktig satsingsområde. Vestlandsforsking har saman med Fylkesmannen i Sogn og Fjordane utvikla eit digitalt verktøy for ROS-analyse som kan gjere denne prosessen både enklare og meir effektiv. Målgruppa er kommuneplanleggarar og konsulentar. Føredraget tek for seg utviklinga av verktøyet, fordeler ved å bruke eit slikt verktøy og korleis det er tenkt å fungere når det blir ferdigstilt.

Idun A. Husabø har vore tilsett ved Vestlandsforsking sidan 2006 og forskar i hovudsak på samfunnet si tilpassing til klimaendringar. I dette prosjektet står formidling av forskingsbasert kunnskap sentralt. Verktøyet er utvikla i samarbeid med Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og Høgskulen på Vestlandet. Finansieringa kjem frå Norges Forskingsråd.

Ta kontakt – vi ser fram til å få bestillingar om foredrag i Sogn og Fjordane!