Presentasjonar frå Los-møte i Førde 15.04.09

Møtet om bruk av Los, arrangert av Vestlandsforsking og Difi, samla 40 deltakarar på Rica Sunnfjord Hotel i Førde. Seminaret vart arrangert som ein del av prosjekta "Miside-løftet - frå nettavis til nettbank" (prosjekt i regi av KS Sogn og Fjordane) og Ressursnettverk for e-forvaltning (www.rnef.no). Det siste prosjektet på grunn av Vestlandsforsking si rolle som knutepunkt for elektronisk samhandling i offentleg sektor.

Beste praksis for bruk av Los i kommuneportalar stod på programmet. Leverandørar av kommuneportalar stod for hovuddelen av innleiingane og Acos, Sem & Stenersen Prokom og Bouvet viste alle eksempel på korleis dei har teke i bruk Los. Presentasjonane frå leverandørane vart etterfølgt av spørsmål og diskusjon om beste praksis for innarbeiding av Los og kva utfordringar som må arbeidast vidare med.

Ein del sentrale utfordringar er summert opp i slutten av presentasjonen "Miside-løftet..." under. Elles er alle presentasjonane frå seminaret tilgjengelege under.

Miside-løftet Sunnfjord 15.04.09 View more presentations from sveino. Losseminar150409sda View more presentations from sveino. Acos Presentasjon 15.04.09 View more presentations from sveino. Los i Bergen kommune View more presentations from sveino.
Seminar Los Emnekart Sem Stenersen View more presentations from sveino. Los og navigering 15.04.09 View more presentations from sveino.