Digitaliseringskonferansen 2013

Difis årlege konferanse om digitalisering i offentleg sektor blir arrangert 29. og 30. mai. Årets konferanse har rekorddeltaking med over 600 i salen!

Konferansen blir også overført på nett-tv - honnør til Difi for det! Og det ser ikkje ut til å ha gått ut over deltakinga.

Direktør Hans Chr. Holte opna konferansen og orienterte om kva tema som er sentrale i år. Eit viktig spørsmål er om digitaliseringa er "å setja straum på skjema", eller om det faktisk er endring og modernisering av forvaltninga.

Tre stikkord for betre IKT-utvikling i offentleg sektor:
- planleggja, styra og gjennomføra (IKT-)planane betre
- føreseielege og truverdige planar
- større grad av forplikting

Har diskutert vegkart for realisering av felleskomponentar i SKATE-samanheng tidlegare i dag.

Statsminister Jens Stoltenberg (via video):
Digitaliseringsprogrammet som er lagt fram av regjeringa er eit av dei viktigaste fornyingstiltaka i offentleg sektor. Mykje er bra, men det er også mykje som kan bli betre.

Statsråd Rigmor Aasrud:
To hovudtema: Stortingsmeldinga "Digital Agenda for Norge" og "Digitalisering av offentleg sektor". Desse to heng tett saman. DA handlar om IKT i heile samfunnet, medan digitalisering i off. sektor er retta mot offentleg forvaltning i seg sjølv.

Breibandutbygging er heilt sentralt for å realisera DA
- alle husstandar skal ha eit breibandtilbod av tilstrekkeleg kapasitet [kva er tilstrekkeleg kapasitet??]
- vid.f. av marknadsstyrt utbygging og teknologinøytral utbygging
- ny graveforskrift kjem før sommaren (den har lege uavklart i Samferdselsdep. i fleire år)

Regjeringa vil komma med ein rettleiar for bruk av skytenester (minner om prosjektet "Norge i nettskya" som Teknologirådet sette i gang, men som dessverre vart stoppa etter 22. juli 2011)

Regjeringa arbeider også for å få på plass den offeentlege PhD-ordninga. Aasrud oppfordrar offentlege etatar om å ta i bruk denne ordninga for å få ei meir forskingsbasert IKT-utvikling.

Nye EU-undersøkingar (benchmarking) viser at Norge ligg bra an, men på enkelte område gjer me det dårleg. Det gjeld særleg på oversikt og samanheng mellom ulike tenester (livssituasjonar).

Regjeringa føreslår å endra Forvaltningslova slik at offentlege etatar slepp å innhenta samtykke til digital kommunikasjon og erstattar det med ein reservasjonsrett (snur det altså på hovudet).

Utdeling av pris for den mest opne offentlege etaten i konkurransen Apps4Norge:
- dei nominerte er Helsedirektoratet, Kulturrådet, Statens vegvesen
- og vinnaren er Statens vegvesen

Vegdirektør Terje Moe Gustavsen takka for prisen og orienterte om nokre av tiltaka; mellom anna er nasjonal vegdatabank frigjort som opne data.

Chief Technology Officer Liam Maxwell, UK Government
Brukar 1 % av statsbudsjettet til IT. Har måtta gå nøye gjennom utgiftene til IT for å spara. Har gjort det ved å setja brukaren i sentrum og forenkla. På eit tidspunkt gjekk 85 % av IT-utgiftene på 8 mrd pund til 12 selskap (oligopol).
- tillet ikkje kontraktar over 100 mill. £
- har begynt å tenkja og byggja ei felles plattform (shared platform)
- byggjer tenestene på brukarbehov (dette er det viktigaste punktet). Definert i Government Service Design Manual
- byggjer på opne standardar og fri programvare (open source) (viss du ikkje kan bruka opne standardar må du forklara godt kvifor ikkje)

Gov.uk vart lansert i oktober 2012 for å rydda opp i portalkaoset. Brukarane vil ha ein stad å gå. Felle publiseringsplattform for all offentleg informasjon og tenester. Alle departementa er på plass og no har dei begynt å flytta andre offentlege etatar over (no er 28 av 300+ på plass).

Dei sparer pengar i tillegg til at brukarane er meir nøgde. Det skal bli slutt på at alle etatar gjer ting på eigahand, norma skal vera samarbeid.

Eit eksempel på ineffektive utbetalingar er støtte til landbruket. Ei utbetaling kostar rundt £ 750. Det ville vore billegare å skriva ut ein sjekk, levera den pr. taxi og la bonden heva sjekken i banken!

Redesign startar no med brukarbehova og fleire rundar med brukartesting for å sikra at dei blir ivaretekne.

Dei prioriterer no transaksjonstenester med meir enn 100 000 transaksjonar og samarbeider med 8 dep. og 14 etatar om redesign av 25 tenester.

Nye digitale tenester blir ikkje lanserte før:
- sjekk av at "Digital by design" er følgd ("Digital By Default Service Manual" - uttrykket betyr eigentleg at tenestene skal lagast på ein slik måte at dei blir føretrekte framfor manuelle tenester)
- og statsråden må ha gjennomført ein transaksjon (!) ["eat your own dogfood"]

Dei snakkar også mindre om kva som skal gjerast og kva som skal lanserast, og meir om den ferdige tenesta.

Sluttappell:
- Digital leaders (leiarane av etatane må vera dei som iverkset dei felles IKT-prinsippa)
- Don't get locked in (olligopol, proprietære system)
- Publishing, not emailing
- Transparency and peer review (listen to everybody)

Tone Bringedal, Difi: Solide byggjeklossar er nødvendig for digitalisering

Samtale med Jan Chr. Sandberg, Skatterdirektoratet, og Lise Løwe, Statens Pensjonskasse, om bruk av felleskomponentar.

Det er lurer på er om ikkje "felleskomponentar" er eit litt misvisande uttrykk. Dei fem definerte nasjonale felleskomponentane er Einingsregisteret (Br.reg.), Folkeregisteret (Skatt), Altinn (Br.reg., Skatt, fleire), Matrikkelen (Statens kartverk og ID-porten (Difi).

Men ordet "komponent" gir inntrykk av at det er ein del (maskin- eller programvare) som skal inngå i eit anna byggverk (IT-løysing). Men det vel eigentleg snakk om fellestenester, og det er det uttrykket som ligg nærmast det engelske "shared services".

Marit Mellingen, Difi: Digitalisering - Forvaltningsreform eller gamle prosessar i ny drakt?
Undersøkingar Difi har gjort i 2010 og 2013 viser at situasjonen var om lag den same i 2013 og at lite hadde skjedd. Ei oppteljing viste at rundt 25 % av skjema eksisterer som digitale tenester.

Eg sit igjen med eit klart inntrykk av det manglar definisjonar her. På Digitaliseringskonf. i fjor etterlyste eg meir forsking og brukte 'digitale tenester' som eksempel på begrep me eigentleg ikkje veit kva betyr, i alle fall har me ikkje klart å definera. Eg kan berre konstatera at Difi ikkje er kommen særleg lenger i dette arbeidet.

Kristin Clemet, Civita; Gjennomføringsevne og forvaltningspolitikk
Dagens problem:
- sviktande gjennomføringskraft og -tempo
- dårleg kommunikasjon og manglande tillit mellom politisk nivå og adm. nivå
- uklar rolledeling mellom pol. leiing og embetsverk
- dårleg samordning
- auka maktkonsentrasjon
- svak leiing
- får me ein ny standard for leiingsansvar?

Til no har ikkje nokon leiar måtta gå som følgje av 22. juli-kommisjonen sin rapport!

Årsaker til problema:
- mål- og rapporteringsstyring (NPM), men alt kan ikkje kastast over bord!
- regelstyring
- rapportering, tilsyn og kontroll
- evaluering
- stort problem at det er så lite interesse for forvaltningspolitikk!
- svakt fagfelt og svakt departement
- budsjettprosessen (perverse incentiv)
- strukturelle forhold (detaljregulering)
- mangel på god leiarpolitikk

Sjekk innlegg om budsjettprosessen i "Stat og styring" (av KC).

Samordningsproblem:
- dep.struktur: Sterk sektorisering
- for mange dep.!
- størrelsen på Regjeringa (altfor mange til å få gode diskusjonar)
- underutval (urovekkjande demokratisk!)
- fristar og prosedyrer
- kva er det som blir belønna i regjeringskvartalet?

Svakt utvikla leiarpolitikk, ikkje nødvendigvis den enkelte leiaren som er problemet. Det er eit overordna problem.

Det store problemet er manglande og for dårleg politisk leiing.
Det trengst ein "statsrådsskule": formelt rammeverk, kultur, pol.leiing/embetsverk, mentor/fadder

Det første som bør gjerast er likevel å redusera talet på departement!

Kanskje bør det setjast ned eit nytt utval for å gå inn i dette på nytt.

Paneldebatt
- Hans Chr. Holte
- Kristin Clemet
- Arild Sundberg, Oslo kommune
- Svein Kristensen, Skattedir.
- Anita Krohn Traaseth, HP Norge

Eit av dei store stega er at ein på enkelte område har komme forbi "digital teneste" og brukar opplysningane som alt finst til å handla automatisk. Eksempel kan vera frikort, og "stilltiande aksept" knytta til skatteinnkrevjing og sjølvmelding.

Kristin Clemet: Den nye straffelova er eit eksempel på eit uforståeleg IT-problem. Det er tillitssvekkjande at det skal ta mange år å løysa IT-utfordringane for å få straffelova på plass.

KC spør også om kva det er som kjenneteiknar dei som har lykkast med digitaliseringsarbeidet, t.d. Skatteetaten og Lånekassen.

Hans Chr. framhevar leiingskultur og ei leiing som er tett på desse prosjekta. Undersøkingar frå Difi tyder på at dette er ei viktig forklaring.

Hans Chr.: viktig å bruka dei mulegheitene som finst før ein ropar på nye mulegheiter. Men viktig poeng at SKATE ikkje femner breidt nok og at enkelte etatar ikkje blir høyrde tilstrekkeleg.

Suksesskriterium i Skatteetaten: Leiinga har vore tett på heile tida, og har vore uthaldande! Svein Kristiansen framhevar tidlegare skattedir. Bjarne Hope som var veldig engasjert i moderniserings-/digitaliseringsarbeidet.

KC: FAD er tradisjonelt sett på som eit svakt dep., men dep. kan også byggja seg opp. NHD er eit eksempel på eit dep. som byggjer seg opp på området eigarinteresser og eigarforvaltning. Trur heller ikkje på at t.d. Finansdep. overtok ansvaret for digitaliseringa. Eit stort problem med sektortenkinga og belønningssystemet som inneber at du blir belønna viss du lykkast innafor siloen din.

Svein Kristiansen: Lett å snakka om det me ikkje kan gjera noko med, t.d. politisk styring. Må heller snakka om det me kan gjera noko med sjølve. På same måte som Hans Chr., det er store mulegheiter innafor dagens system.

[og der var det slutt på straumen..]