Dig.konferansen, dag 2

Inntrykk frå Difi sin Digitaliseringskonferanse, dag 2 (30. mai).

Lars Frelle-Petersen, Digitaliseringsstyrelsen: Ny dansk IT-strategi
Tidlegare leiar for "tenketanken" Digital Task Force, ei samling IT-leiarar og -entusiastar i offentleg sektore. DTF vart så flytta inn i Finansdepartementet og er no skilt ut att som Digitaliseringsstyrelsen, ein etat med ca. 150 tilsette. Det er framleis sterke band til Finansdep. som er det overordna dep.

Auka satsing på digitalisering, og klare mål for innsparingar som følgje av den, har utgangspunkt i ei svakare produktivitetsutvikling enn naboland som Sverige. Danmark gjekk rett og slett for godt økonomisk, og det vart ei sovepute for vidare utvikling av digitale løysingar [lyder kjent for oss i Norge..].

IKT-arbeidet i off. sektor har vore forankra i Finansdep. sidan 2011.

Dig.strategi 2011-2015:

. dig. kommunikasjon
- dig. velferd
- prof. av it-prosjekt og -drift
- org. av oppgåvene/shared services

Dig. kommunikasjon
Mål: 80 % av den skriftlege kommunikasjonen mellom det off. og borgarane skal vera digital i 2015

- lovgiving (dig. må gjerast oblig.)
- sjølvebetening, stegvis i bølgjer (frigjer 900 mll. DKK)
- dig. post til alle (frigjer 1 mrd DKK)
- styrka den felles infrastrukturen (NemID, borger.dk mv.)

Digital velferd
Mmål: Effektivisering og auka produktivitet OG meir fridom og medbestemming

- ønskje om å setja forpliktande mål
- statistikken viser at mange ønskjer velferdsteknologi
- samtidig er det ein heil del dilemma som må drøftast og løysast (kan det off. tvinga fram dig. løysingar? I kva tempo? Kva med borgarane sine data? Kan ein stilla krav om at brukarane har utstyr sjølve?)

Profesjonalisering og styring av IT i staten
Mål: Prosjekt til rett tid, budsjett og kvalitet - og dermed færre IT-skandalar

Det grunnleggjande problemet er mangel på profesjonalitet.
- fellesstatleg prosjektmodell for IT
- standardkontraktar
- Statens IT-prosjektråd risikovurderer alle prosjekt > 10 mill. DKK (har blitt godt motteke også i dep. fordi ein får eit uavhengig syn på prosjekta)
- halvårleg statusrapportering, særleg oppfølgin av 'raude' IT-prosjekt (dep.råden blir innkalla til møte)
- kompetanseutvikling, nettverk og utleige av erfarne IT-prosjektleiarar
- også fokus på profesjonalisering av IT-drift

(også politiske vedtak har vorte revurderte og endra pga. innspel frå IT-prosjektrådet)

Organisering av oppgåver/shared services

Kva kan Norge læra?
- sterkt fellesoff. samarbeid, forankra i Finansdep.
- politisk vilje til forpliktande mål og bruk av lovgiving
- imøtekomma etterspørsel: Brukarane er digitale og klare
(og i Danmark har vi bruk for pengane :)

På enkelte område har det vore nødvendig å ta i bruk løysingar i marknaden (eBoks,

Men framleis vesentlege utfordringar:
- gjennomføring er viktig, og det må heile tida stressat (ikkje nok med vedtak!)
- kappløp med teknologi (mobil, big data)
- digital sårbarheit og tryggleik 
- nye it-svake borgarar, t.d. unge som ikkje heilt forstår det offentlege sitt språk

Sesjon 2: Felles arkitektur i offentleg sektor

Eit av dei store problema er mangel på god informasjonsforvaltning.
God informasjonsforvaltning vil gi fleire effektar
- lågare kostnader til informasjonsbehandling
- betre info.kvalitet
- betre mulegheiter for gjenbruk

1. Informasjon må vera tilgjengeleg og definert (t.d. SERES)
2. Standardisering av informasjonstilgangv (URI-regime)
3. Standardisering av definisjonar
4. Verktøy for annotering m.m.
5. Støtteverktøy for lovgivingsprosessen 
6. Ressursar til vid.utv. av SERES
7. God rettleiar for informasjonsforvaltning
8. Forankring i leiinga (må inn i tildelingsbrev m.m.)

GMS - generisk metamodell for skatt

Sesjon 3: Nasjonal IT-styring

Paul Chaffey, Abelia: IT er usynlig, så korleis kan den styrast?

Treng vi ein IKT-ministar? Politisk nivå ser ut til å vera uinteresserte i denne problemstillinga.
Nokre krev ein IKT-direktør, men heller ikkje det ser ut til å vera interessant for politikarane. Her må ein forstå oppbygginga av statleg forvaltning.

Me har jo alt ein IKT-direktør i staten: Difi-direktøren!
Det var jo for å retta opp ein del av manglane ved IT-samordning Difi vart oppretta, så direktoratet bør vel få fungera ei stund for å sjå om hovudproblema blir løyste.

På mange måtar er me med IKT der me var med elektrisitet for 100 år sidan. Men heller ikkje då hadde me eigen El-ministar, eller El-direktør.

Korleis styrer ein så noko som er usynleg, men som er over alt (til og med i kommunen)?

- frå ikkje-eksisterande via satsingsområde til noko som er over alt
- leiaransvar og linjeansvar
- gratis å kopiera, men dyrt å laga
- korleis organisera seg slik at ein får mes muleg ut av teknologien?

Kunnskapsleiing er det viktigaste
- kompetanse
- belønna innovasjon
- plassera linjeansvar og avklara utv.ansvar
- gå gjennom lover, reglar, insentiv og strukturar

Den viktiaste mangelen er ikkje ein IKT-ministar eller IKT-direktør, men barrierer i form av gammalt regelverk som hindrar og ikkje fremjar ny bruk og ny organisering.

Heather Broomfield, Difi: Digitalisering og opne data
Kva er opne data?
Data som er fritt tilgjengelege for alle, både menneske og maskiner
- opne, dvs. har ein open lisens
- vidarebruk, andre kan bruka data (kven som helst)
- tilgjengelege, opne og synlege for alle
- maskinlesbare (pdf er ikkje opne data)

Norsk lisens for offentlege data (NLOD)
- tillet også kommersiell bruk
- men må namngi slik lisensen krev, og kan ikkje bruka på ein villeiande eller misvisande måte

Eksempel:
- Einingsreg. og Foretaksreg. (BRREG)
- Legevakter (Helsedir.)
- Stadnamndata/SSR (Kartverket)
- Folketeljinga i 1910 (Arkivverket)
- Nasjonal vegdatabank (Vegvesenet)
- Verdata (Met.no)

Publisering av off. data har verkeleg teke av:
- 2013: 596 datasett
- 2012: 140
- 2011: 85

Henrik Paus, Difi: Sikker digital post
Det offentlege brukar meir enn 1 mrd NOK i året på porto!

Difi skal etablera ei felles løsying for digital sikker post til innbyggjarane
Postkassen skal vera klar til bruk i løpet av 2014
Innbyggjarane skal sjølve kunna velja postkasse-leverandør (blant dei som har avtale med DIFI, om lag som med ID-porten)

Konseptskisse:
- startar med eit kontakt- og reservasjonsregister
- den off. etaten må starta med eit oppslag mot dette registeret
- posten blir sendt til Meldingsformidlaren
- Meldingsformidlaren sender posten vidare til den føretrekte postkassen
- Innbyggjaren får varsel frå postkassen

Meldingsformidlaren vil også ta i mot post til utskrift i dei tilfella det er nødvendig. Den off. verksemda treng difor berre senda e-post til ein stad; Meldingsformidlaren, så vil den ta seg av vidare distribusjon enten den er digital eller fysisk.

Lars-Henrik Myrmel-Johansen, eksp.sjef i FAD: Oppsummering av sesjon Nasjonal IT-styring

1. Kvifor er det ein vanskeleg diskusjon?
IT er på same tida både svært viktig "forretningsmessig" (den enkelte verksemda) og "samordningsmessig (på tvers)

IKT vera eit sektoransvar.

IT skil seg ut ved
- stordriftsfordelar
- "kunde"-fordelar
- oppgåveløysinga blir best ved samordning og bruk av fellesløysingar
- endringar i org. strukturar påverkar IT-system i stor grad (sjå på NAV)
- vi må delvis digitalisera meir og delvis betre

2. Kva har skjedd på området?

Dei same ropa om betre samordning også for 5-10 år sidan. Men mykje har skjedd! Det har vore ein stein-på-stein-strategi, inga revolusjonær tilnærming.

Ei lang rekkje felleskomponentar er utvikla:
- Altinn II
- eID
- Meldingsboks (under utvikling)

Det har vore opprydding i lover og reglar, eit arbeid som framleis pågår (jf. viktige endringar i Forvaltningslova).

Det har vorte betre forankring gjennom Digitaliseringsprogrammet.

Alle nye IT-prosjekt over ein viss størrelse må no gå gjennom IT-politisk avd. i FAD for å sikra gjenbruk og mest muleg effektiv bruk av midlane.

Nye strukturar er på plass:
- Difi
- SKATE ("som bør vera meir som Sikkerheitsrådet i FN enn generalforsamlinga")
- Bidrege til etableringa av KommIT
- Ser forvaltningspolitikk og IKT-politikk under eitt

3. Kva står att?

- Kommunespørsmålet (korleis la kommunane ha ansvaret, men likevel støtta aktivt opp om IKT-utviklinga?)
- Vanskeleg samordning sett frå kommunane (18 sektorområde å forhalda seg til)
- Organisering av felleskomponentar (t.d. forholdet mellom Altinn og Difi
- Sikker levering og sikker kvalitet (når NAV har eit IKT-moderniseringsprosjekt på 2-3 mrd, skal det veldig lite til for at dei brukar 20-30 mill. på å utvikla ein meldingsboks dersom denne ikkje står klar og er god nok)
- forenkling: her står mykje att
- det trengst ei kompetanseheving IT-messig på leiarsida i forvaltninga