Vestlandsforsking kjem godt ut i ny evaluering

Best av dei regionale institutta på internasjonalt samarbeid. Mellom dei tre beste på vitskapleg publisering.

I ei evaluering av dei tolv regionale forskingsinstitutta gjennomført av Forskingsrådet, ligg Vestlandsforsking gjennomgåande mellom dei tre beste på fleire viktige vurderingskriterium.

Delen av internasjonal finansiering er ein viktig indikator på om forskingsmiljøet er attraktivt og arbeider med tema som er internasjonalt aktuelle. Her ligg Vestlandsforsking desidert på topp blant dei regionale institutta og også høgare enn gjennomsnittet av dei nasjonale institutta.

Vitskapleg publisering er ein tydeleg indikator for at forskinga held høg vitskapleg og fagleg kvalitet. Her ligg Vestlandsforsking på tredje plass av dei tolv institutta, målt som eit snitt av perioden 2007-2011.

Vestlandsforsking ligg også i tetsjiktet (nr 4 av 12 regionale institutt) når det gjeld gjennomslag i Forskningsrådet sine utlysingar, der konkurransen om forskingsmidlar er hard.

Når det gjeld delen forskarar med doktorgrad ligg Vestlandsforsking midt på treet av dei regionale institutta, og vi ligg over det evalueringsutvalet definerer som kritisk masse for tal forskarar i eit institutt.

Vestlandsforsking blir også framheva som det einaste av dei regionale institutta som inngår i eit nasjonalt forskingssenter finansiert av Forskningsrådet. Vestlandsforsking er saman med Høgskulen i Sogn og Fjordane, medlem i CenSES, eit forskingssenter for miljøvennleg energi leia av NTNU. Vestlandsforsking er også medlem i NORD STAR, eit nordisk Center of Excellence på klimatilpassing.

For meir informasjon, kontakt:
Agnes Landstad, direktør Vestlandsforsking, tlf 915 46610, agnes.landstad@vestforsk.no