Jordbruket og den doble klimasårbarheita

Vil eit våtare, varmare, og villare klima gjere det lettare eller vanskelegare å produsere mat i regionen vår? Vil klimaendringar i andre land påverke matproduksjonen her heime? Korleis vil tiltak for å redusere klimagassutslepp verke inn på forholda for å drive jordbruk? Desse spørsmåla står sentralt i ein ny rapport frå Vestlandsforsking og Norsk senter for Bygdeforskning.

Klimaendringane er ei av dei største utfordringane vi står ovanfor på kloden i dag. Matproduksjonen er eitt av områda som kan bli råka. Fordi vi er avhengige av ein konstant tilgang til mat, treng vi å auke forståinga av kva vi kan gjere for å oppretthalde matproduksjonen under nye klimaforhold. I eit forprosjekt utført for Regionalt Forskingsfond Vestlandet, har Vestlandsforsking og Bygdeforskning diskutert klimaproblematikk med representantar for bønder, forvalting og rådgjeving på Vestlandet og i Midt-Noreg. Ein fersk rapport presenterer resultat frå prosjektet.  

Mykje av utgreiingar og forsking som har vore gjort på jordbruk og forventa klimaendringar konkluderar med at klimaendringane kan vere positivt for norsk jordbruk fordi auka temperatur gjev lengre vekstsesong og dermed auka produksjon. Den analysen Vestlandsforsking og Bygdeforskning har gjort tyder på at samanhengen mellom vilkår for jordbruksproduksjon og forventa klimaendringar kanskje ikkje er fullt så enkel.

Vår analyse viser at nye klimatiske trendar allereie påverkar jordbruket. Spesielt har auka nedbør i sommarhalvåret ført til problem med innhausting og andre arbeidsoperasjonar. I kombinasjon med strukturendringa i retning færre og større bruk, som har resultert i større, tyngre maskiner og lita investering i drenering, fører nedbørsauken også til meir jordskadar som igjen gir avlingstap. Det er venta at auka nedbør, høgare temperaturar og meir ekstremvêr i åra som kjem vil gi ei rekkje problem t.d. når det gjeld jordstruktur, sjukdom og skadedyr, overvintringsskadar på planter, og skadar på infrastruktur. Meir varme og lengre vekstsesong kan også gi rom for nye vekstar. Gevinsten her er likevel usikker mellom anna fordi planteveksten også er styrt av lysforhold – som ikkje vil endre seg som følgje av forventa klimaendringar.

I tillegg til direkte påverknad, vil forholda for jordbruket også verte påverka indirekte av klimaendringane gjennom ringverknader av ting som skjer i andre land og gjennom klimapolitiske tiltak for å redusere klimagassutslepp. I prosjektet vert det peika på at auka knappheit på mat internasjonalt vil kunne føre til eit større behov for å oppretthalde den norske matproduksjonen. Frå statleg hald har det vorte føreslått ei rekkje tiltak og verkemiddel for å redusere klimagassutsleppa frå jordbruket. Rapporten syner at aktørar i næringa stiller spørsmål ved effektiviteten så vel som dei vidare konsekvensane av ein del av desse tiltaka. Medan nokre tiltak kan verke positivt inn på agronomiske og økonomiske forhold, kan andre lett få utilsikta negative konsekvensar for matproduksjonen. 

Rapporten inneheld eit oversyn over moglege tilpassingstiltak og FoU-behov når det gjeld klimaomstilling i jordbruket og vil danne grunnlag for vidare forsking på området.

Last ned rapporten: Vestlandsjordbruket og den doble klimasårbarheita