Internasjonal konferanse om web-intelligens, web mining og semantikk

Vestlandsforsking arrangerer ein internasjonal konferanse om Web Intelligence, Mining og Semantikk (WIMS'11) 25. – 27. mai 2011. Konferansen vil gi høve til å dela kunnskap og resultat om teori, metodikk og bruk av web-intelligens, web mining og semantisk web.

Formålet med WIMS'11 er:

  • å vera eit forum for etablerte forskarar og praktikarar for å presentera forsking i fremste rekkje innafor det tematiske området (state of the art)
  • å gi doktorgradsstudentar høve til å presentera forskinga si for eit interessert og kunnskapsrikt publikum og slik få verdifulle tilbakemeldingar
  • å skapa ein uformell møteplass for forskarar og praktikarar innan fagfeltet

 

WIMS'11 skal fremja formidling av det fremste innan forsking på fagfeltet for konferansen.

Konferansebidraga vil bli utgitt av Association for Computing Machinery (ACM). Utvalde artiklar frå WIMS'11 vil, etter revisjon, kunna bli offentliggjorde i andre tidsskrift.

Meir om konferansen