Vestlandsforsking med i Forskingsrådet sin idélab

Forskingsrådet sin neste idélab skal bidra til det grøne skiftet ved å få fram dristige og berekraftige løysingar og konsept for byar anno 2040. Deborah Davies ved Vestlandsforsking er ein av 29 fagpersonar som er vald ut til å delta januar 2016.

Idélab
Tanken med Forskingsrådet sin idélab er å bringe saman fagpersonar med ulik kompetanse og som vanlegvis ikkje samarbeider med kvarandre, for å utvikle prosjektidear som kan føre til radikale og dristige løysingar og konsept for framtidas byar. Målet er å få deltakarane til å løfte blikket og tenke kreativt rundt utfordringar og løysingar for at det skal bli godt å bu og jobbe i byer og tettstader i 2040.

Livet i 2040
I ei verd med rundt 9 milliardar innbyggjarar vil det bli trongare om plassen. Med fleire i verda vil etterspurnaden etter mat og energi, bustadar og transport auke. Samtidig skal verda gå i ei miljømessig berekraftig retning. Ei sentral utfordring for Forskingsrådet sin idélab blir difor å tenke ut korleis byar og tettstader kan vekse, men samtidig sikre høg livskvalitet for innbyggjarane.

Krav til ideane
Det idélaben kjem fram til, kan vere i mange ulike former – konsept, konkrete utviklingsprosjekt for byer/bydelar eller noko heilt anna. Ideane skal ha eit heilskapleg perspektiv som koplar menneske, natur, teknologi og system på kreative måtar, skriv Forskingsrådet. Samtidig må ideane representere samfunnsansvarlege innovasjonar og omfatte perspektiv på føresetnader og konsekvensar, uvisse og dilemma for ulike aktørar.

35 mill. prosjektkroner
Ideane som når opp i konkurransen, skal utviklast vidare til konkrete prosjekt. Desse blir finansierte av Forskingsrådet. Satsinga IKTPLUSS og programstyra for ENERGIX, MILJØFORSK, KLIMAFORSK, TRANSPORT og BIONÆR har sett av 35 millionar kroner til prosjekt som blir skapte på idélaben.