På utkikk etter jobb og nysgjerrig på kva Sogn og Fjordane har å by på?

Sogn og Fjordane kjem til Trondheim torsdag 28. januar. Har du lyst til å sjå kva som rører seg i fylket? Kom og slå av ein prat med Vestlandsforsking! Vi søkjer to nyutdanna fagleg sterke traineear med masterutdanning innan fagområda velferdsteknologi og klima/miljø.

Set av kvelden og delta på Framtidsfylket Karrieremesse på Scandic Nidelven i Trondheim torsdag 28. januar kl. 17.00 – 21.00. På messa møter du eit breitt spekter av spennande bedrifter frå Sogn og Fjordane som vil vise fram kva dei har av karrieremoglegheiter.

Velkomen til ein hyggeleg kveld med kulturinnslag med Eva & The Heartmaker, og lett matservering. Deltaking er gratis, men vi må vite om du kjem for å berekne mat og drikke. Elektronisk påmelding for gjester i forkant av messa på http://framtidsfylket.no/hendingar

Framtidsfylket Trainee er eit fylkesdekkjande traineeprogram for nyutdanna med arbeidsgjevarar frå ulike fagfelt i både privat og offentleg sektor i Sogn og Fjordane. Sjå meir her: Framtidsfylket Trainee. Er du nyutdanna med masterutdanning? Har du maksimalt tre års arbeidserfaring? Har du vilje og pågangsmot? Då er Framtidsfylket Trainee noko for deg!

Sjå utlysing av ledige trainestillingar ved Vestlandsforsking på nettsida til Framtidsfylket:

Trainee Velferdsteknologi

Trainee - klima/miljø

Søknadsfrist 01.03.2016