Alkymisten - ei evaluering av prosess og resultat for Sogn og Fjordane

Alkymisten er eit etablerartilbod til unge mellom 18-29 år. Prosjektet er eigd av SND og har gått tre gonger i Sogn og Fjordane. Det har som føremål å medverke til auka nyskaping hjå ungdom, og å hjelpe ungdom fram til etablering av lønsame verksemder. Gjennomføringane er basert på tre samlingar med mellomliggande arbeid. Kvar deltakar blir tildelt ein rettleiar, og får elles oppfølging av SND. For den vidare utviklinga av Alkymisten som verktøy for unge etablerarar er det ynskjeleg å få fram kunnskap frå deltakarane, rettleiarane og støtteapparatet både om prosessen og sjølve gjennomføringa og resultata knytt til målsetnader

Start date:
End date:
Financed by:
Innovasjon Norge
Id:
2242