VS2010 - Nettverk som næringsutviklande kraft i Sogn og Fjordane

Forprosjektet til VS2010 i Sogn og Fjordane har identifisert omstilling og nyskaping i det ressurs- og naturbaserte næringslivet som overordna tema. Fylket har stort innslag av natur- og ressursbaserte næringar. Sysselsettinga i landbruk, fiske, akvakultur og reiseliv er relativt høgare enn i dei fleste andre fylke i landet. Samstundes er både busetnad og bedrifter spreidd utover fylket utan store sentra i nasjonal målestokk. Med nokre unntak er også bedriftsstrukturen prega av små einingar med stor avstand til marknader og administrative senter. Desse rammene gir nokre felles utfordringar for bedriftene og omgjevnadene deira. VS2010 i Sogn og Fjordane skal ta tak i desse utfordringane ved å fokusere på omstilling, nyskaping og nettverksbygging i ei utvikling frå: einskildtransportar til transportkjedestyring i verdikjeda, IT i den einskilde bedrift til IT som kommunikasjons- og styringsverktøy i verdikjede og mellom sektorar, tradisjonell organisering til nye organisasjonsformer innan bedrifter, mellom bedrifter og mellom sektorar, produksjonsorientering til marknadsretta produktutvikling, "filialbedrifter" til bedrifter med ettertrakta nøkkelkompetanse på spesielle område
Start date:
End date:
Financed by:
Norges forskningsråd
Id:
5258