Klima- og energirekneskap for Nøtterøy kommune

Vestlandsforsking skal utarbeide klima- og energirekneskap for Nøtterøy kommune. Dette inneber innsamling, bearbeiding og presentasjon av grunnlagsdata om klimagassutslepp og energibruk i Nøtterøy. Dette gjeld både historiske tal for 1990 og 1997, i tillegg til framskriving for 2010. Kartlegginga av klimagassutslepp er avgrensa til gassane karbondioksid, metan og lystgass. Utslepp av energibruk blir spesifisert med omsynt itl utsleppskjelder. Mobil energibruk/klimagassutslepp skal drøftast i lys av planane om famferdsleutbygging for Tønsbergområdet og aktuelle utbyggingsalternativ i tråd med kommuneplanen for Nøtterøy og Tønsberg kommune sin plan for utbygging på Kaldnes. Lokale energiressursar skal kvantifiserast så langt rammene gir høve til. Det blir lagt lite vekt på avfall som energikjelde. Kartlegginga skjer i tråd med SFT sin nettbaserte klimaplanrettleiar. Resultat blir lagt fram gjennom ein enkel skriftleg rapport og ved presentasjon på møte i Nøtterøy kommune.
Start date:
End date:
Financed by:
Nøtterøy kommune
Id:
2188
Project lead: