Kartlegging av forholdet mellom verksemder og kunnskap i næringshagar og kompetansestover i Sogn og Fjordane

Rapport
Id:
2005-4

 

 

Føremålet med rapporten er å gjere eit djupdykk for å gje eit bilete av kva kunnskap som eksisterar i og rundt næringshagane og kompetansestovene i Sogn og Fjordane. Vi ser at den eksplisitte kunnskapen spenner vidt i verksemdene.

I den grad vi har klart å finne den tause kunnskapen, så har denne preg av å vere endå vidare. Begge desse formene for kunnskap er det system som både tek i vare og utviklar vidare. Trass i mange ulike fagfelt er det konkrete samarbeid på tvers av verksemder som har utvikla seg til spesialfelt. Desse finn vi særskilt interessante både i høve utøving og deling av kunnskapen.