Fjordkonferansen tek opp regional konkurransekraft

øyvind i trapp

Vestlandsforsking er medarrangør og har fleire roller i Fjordkonferansen i Loen 6.-7. juni. Den tverrfaglege konferansen har i år temaet regional konkurransekraft.
- Det er viktig for oss på Vestlandsforsking å formidle kunnskap vi utviklar om tema som er særleg relevante for Vestlandet, seier Øyvind Heimset Larsen, som har vore med på å planlegge årets konferanse.

Konferansen har i år innleiarar som Kristine Timberlid frå Innovasjon Norge og Line Bjelde frå Sogn Næring. Ikkje minst er det 42 faglege innlegg, der tre av dei kjem frå forskarar ved Vestlandsforsking.

Temaet "regional konkurransekraft" handlar om evna ein region har til å betre leve- og livsstandarden, utdjupar Larsen.

– Dette rommar ulike tiltak eller aktivitetar som påverkar den økonomiske, sosiale, kulturelle eller demografiske utviklinga i eit område.

– Viktig å dele forskingsfunn om regionen

Vestlandsforsking bidreg i år i planleggingsgruppa Høgskulen på Vestlandet leier, der Øyvind Heimset Larsen deltek. Han leier òg ein sesjon om innovasjon, entreprenørskap og teknologi, medan Anna Maria Urbaniak-Brekke leier ein sesjon om idrett, friluftsliv og konkurransekraft.

Larsen er oppteken av at instituttet skal dele forskingsfunn om regional utvikling med andre som òg er opptekne av Vestlandet. I tillegg ser han konferansen som eit årleg høgdepunkt.

– Det er fagleg inspirerande for meg og kollegaene mine å bidra på desse årlege konferansane, seier Larsen. 

Lågterskel-konferanse

Fjordkonferansen vart først arrangert i 2012, og har som overordna føremål å skape eit fagleg møtepunkt for dei akademiske fagmiljøa på Vestlandet. Konferansen skal særleg bidra til meir vitskapleg publisering gjennom å hjelpe dei mindre erfarne fagfolka i gang. I tillegg til sjølve Fjordkonferansen kjem Fjordantologien ut i etterkant. Dette er ein fagfellevurdert, ope tilgjengeleg antologi utgitt på Universitetsforlaget, basert på bidrag som kjem inn i etterkant av Fjordkonferansen.

Hovudansvaret for antologien og arrangementet går på omgang mellom univeristets- og høgskulemiljøa med base i Høgskolen i Molde, NTNU Campus Ålesund, Høgskulen i Volda og Høgskulen på Vestlandet. Møreforsking og Vestlandsforsking er viktige samarbeidspartnarar, og Sparebanken Møre er hovudsponsor.