Sjå #Klimaomstilling 2020 i opptak

Foto
Skjermbilete frå sofadiskusjonen 23. september, “Verda og klimapolitikken etter korona”. I studio: Carlo Aall og Ida-Beate Mølmesdal. Deretter Bente Aasjord, Helene Frihammer og Dag O. Hessen. (Foto: Idun A. Husabø)

Årets utgåve av konferansen #klimaomstilling vart sendt på nettet 23. september. No kan du sjå opptak av konferansen på klimaomstilling.no. Du kan velje mellom heile opptaket og enkeltforedrag.

Den årlege, nasjonale konferansen #klimaomstilling vart i år sendt via nettet. I studio i Sogndal sat Ida-Beate Mølmesdal, klimakoordinator i Vestland fylkekommune, og Carlo Aall frå Vestlandsforsking og Noradapt, klar til å introdusere innleggshaldarane til fleire hundre interesserte der ute ein stad.

Nervepirrande start

Trass grundige førebuingar og ei omfattande generalprøve fekk programvertane ein sveitt start i rampelyset.

Foto
Den første halvtimen av debuten i ruta gjekk ikkje så glatt som dei to programvertane i sendestudioet til Høgskulen på Vestlandet hadde håpa på. Etter at den tekniske knuten blei løyst opp i, gjekk det likevel ganske fint. (Foto: Idun A. Husabø)

På bakrommet var noko heilt feil med PC-en som skulle sende konferansen på nettet. 

To etasjar ned frå studioet reiv IT-teknikarane seg i håret medan det strøymde inn meldingar frå sjåarar om manglande lyd og hakking i biletet. Til alt overmål var enkelte deltakarar òg forvirra av villeiande svindel-lenkjer om pålogging, delt på Facebook-hendinga om konferansen. Ei lita stund var kaoset eit faktum. Tanken om å avlyse heile arrangementet hang i lufta.

– Kor lenge kan vi forvente at sjåarane orkar å vente før dei gjer noko anna? Vi blei først veldig stressa i studio, men samstundes innsåg vi at vi ikkje kunne gjere anna enn å lite på at dette blei ordna raskt. Det positive var at all nervøsitet forsvann medan vi venta, oppsummerer Ida-Beate Mølmesdal. 

Landa på beina

Til alt hell kom konferansen på gli etter opningstalen og før Dag O. Hessen sitt innlegg, som mange hadde benka seg for å sjå. Forseinkinga frå den trøblete starten blei dessutan tatt inn att i løpet av konferansen, slik at slutten kom akkurat som oppsett i programmet.

Opptaka frå konferansen, som no er lagt ut på klimaomstilling.no, har fått ein ny og plettfri start. Du kan sjå heile opptaket frå konferansen her. 

Du kan òg sjå dei enkelte føredraga ved å klikke på innleggstitlane i programmet.

– Alt i alt gjekk dette heilt strålande, og vi kjenner at det går bra å gjere det ein gong til, seier Carlo Aall, som i tillegg til å vere ordstyrar, har ei sentral rolle i arrangementskomiteen. Det er nemleg ikkje usannsynleg at også den neste utgåva av konferansen må føregå på nettet.

– Sjølv om ein fysisk konferanse absolutt er å føretrekke, ser det ut til at koronasituasjonen forblir uendra til langt uti 2021, seier Aall.

Foto
Sendinga vart til takka vere dette laget (frå venstre): Carlo Aall (Vestlandsforsking/Noradapt), Ida-Beate Mølmesdal (Vestland fylkeskommune), Andreas Senneset Hove (Høgskulen på Vestlandet), Terje Vatlestad, Mats Vatlestad (begge Høgskulen på Vestlandet), Tone Rusdal og Idun A. Husabø (begge Vestlandsforsking/Noradapt).

Mest skryt

Stemninga i tilbakemeldingane som tikka inn 23. september, steig merkbart utover dagen – frå det lunkne og frustrerte under konferansen sin første halvtime, til det lyriske i løpet av ettermiddagen.

Mange av tilbakemeldingane som kom inn via spørjetenesta Slido eller på e-post, handla om temaet klimarettferd, som deltakarane opplevde som relevant og viktig. Innleiarane var Benjamin Sovacool frå Vestlandsforsking, Tarje I. Wanvik frå Universitetet i Bergen, Bjørn Egil Flø frå NIBIO og Bente Aasjord i Fagforbundet.  “En fantastisk konferanse”, skreiv ein, og ein annan: "kanskje den beste konferansen jeg noensinne har deltatt på”.