Nasjonal klimakonferanse i Sogndal

Ida Marie Gildestad
Ida Marie Gildestad presenterer framskrivningar for snøforhold. Foto: Idun A. Husabø

Sommarens flaumar både i Utvik, USA og Asia, gav dei 150 deltakarane på Klimaomstilling 2017 kjensla av å vere på ein høgaktuell konferanse.

Konferanse

Den nasjonale konferansen om klimaomstilling spring ut av ein regional partnarskap med Vestlandsforsking, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Høgskulen på Vestlandet, Sogn og Fjordane fylkeskommune, NVE, Innovasjon Norge og Statens vegvesen. Fjorårets konferanse var den første, og målet er at dette blir ein fast samlingsstad for private og offentlege aktørar som arbeider for lågare klimautslepp og tilpassing til klimaendringar. Med arrangørane sine ord: «Framtidas klima vert varmare, våtare og villare. Difor må vi omstille samfunnet til å bli smartare, grønare og tryggare».

Råka igjen og igjen

Lærdal er ein av kommunane i fylket som har vore hardast råka av ekstremvêr dei siste åra: «Dagmar» i 2012 og både sentrumsbrannen og den såkalla «Oktoberflaumen» i 2014. Kommunen var difor eit naturleg reisemål for ekskursjonen 29.august.

Ved utgravne morellhagar og ei flaumtruga sjukehusbru fekk dei tilreisande eit sterkt bilete av korleis naturkreftene kan herje på måtar ein ikkje har sett for seg tidlegare, og korleis landskapet og klimaendringane til saman gjer det nesten umogleg å finne nytt, trygt utbyggingsareal i kommunar som Lærdal. Problemstillingane og den utrulege ekstremvêr-historikken vart levande formidla av planleggar Monika Lysne i Lærdal kommune og Svein Arne Vågene, fungerande regionsjef i NVE.

Mange bidrag frå Vestlandsforsking

I løpet dei to konferansedagane var sju av klima- og miljøforskarane frå Vestlandsforsking å høyre i konferansesalen, i tillegg til ein åttande som stod for underhaldning på kveldstid.

I ein parallellsesjon 30.august, «Nye verktøy i verktøykassa», var tre av forskarane i aksjon. Idun A. Husabø forklarte korleis eit nettbasert verktøy for risiko- og sårbarheitsanalyse skal fungere. Det digitale verktøyet skal etter planen vere fritt tilgjengeleg for kommunar og gjere det lettare å førebygge naturskade. Førebels er berre ein demo-versjon tilgjengeleg.

Torunn G. Hønsi kasta lys over gløymde synder langs strender og vassdrag: miljøgifter i gamle deponi. Med meir nedbør vil vi få meir av desse helse- og miljøskadelege stoffa i fjordar og elvar, og tiltak trengst. I same parallellsesjon la Ida Marie Gildestad fram forsking på korleis framtida til landets skisenter kan sjå ut med hyppigare snømangel. Stoffet har hausta stor merksemd sidan det først vart kjent våren 2017, og har skapt ei viss uro, sidan det er tydeleg at omstilling er nødvendig mange stader.

Korleis omstille seg?

Skal vi nå klimamåla Norge har forplikta seg til, må det skje ting både i kommunar og heimar over heile landet. Det personlege ansvaret i den store klimasaka var tema for eit eige arrangement for skuleelevar. Medan konferansen føregjekk, var 30 elevar frå Sogndal og Firda vidaregåande skular og Røde Kors Nordisk United World College samla i etasjen under. Forskarane Karen R. MobergMarta Baltruszewicz viste filmen «Skyldig, jeg?» der den då 24 år gamle Sigbjørn Holte spør seg om han må ta sin del av ansvaret for å få ned klimautsleppa. Holte var til stades, og elevane fekk stille spørsmål og diskutere grepa frå filmen før dei sjølv måtte ta stilling til kvardagskutt gjennom forskarane sitt klimaspel. Elbilar og elsyklar var òg ein del av opplegget. Forskar Hans Jakob Walnum snakka om kva som er fordeler og ulemper med køyretøya. Til slutt kunne elevane trø seg ein tur på elsyklar lånt ut av Intersport Sogndal.

Kommunane sitt ansvar for å få ned klimautsleppa vart dekte i plenumsinnlegget til forskingsleiar Carlo Aall, som snakka om om korleis kommunane i Sogn og Fjordane arbeider med eigne planar for å omstille seg til ei framtid med langt lågare utslepp.

Meir om konferansen og alle presentasjonane: https://prosjekt.fylkesmannen.no/Klimaomstilling/

 

I media:

Klimaendringane skjer her og no, og me byrjar å merke dei, Porten 30.08.2017

Kallar hovudargumenta i olje- og energipolitikken for usann propaganda, NRK Sogn og Fjordane, 30.08.2017

Flåm blir årlig hendelse, innslag i Vestlandsrevyen 30.08.2017