Forskingsdagane 2017 er i gang

"forskingstorget"
Frå forskingstorget på Amfi Sogningen 23. september 2017

I år kan du møte oss på Forskingstorget, lese kronikkar om tema vi forskar på og bestille eit gratis foredrag frå fire forskarar.

Forskingsdagane

Den nasjonale festivalen Forskingsdagane er i gang. I Sogndal startar det første arrangementet alt 20.september, og lista over arrangement er fyldig.

Forskartorg laurdag

Laurdag 23. september stiller klima- og miljøforskarar frå Vestlandsforsking på Forskingstorget på Amfi Sogningen. Vi legg opp til kjekke og lærerike aktivitetar for alle aldrar, frå dei som likar å bygge med lego eller blåse opp ballongar til dei som er nyfikne på korleis ting vi gjer i kvardagen vår påverkar klimaet. Kva slags endringar monnar, og kor mykje CO2-utslepp kan vi kutte viss vi droppar ei flyreise det neste året? Torget startar kl. 12 og varar til kl. 14.

Kronikkar og tingingsføredrag

Forskarar må dele det dei finn ut med ålmenta, og ein av måtane vi gjer dette på, er ved å skrive på ein lettfatta måte om faga våre. Under Forskingsdagane kan lesarar av Sogn Avis og Firda få eit innblikk i det forskarane verkeleg brenn for å formidle ut. Kronikkserien i år tel 12 kronikkar frå Høgskulen på Vestlandet (Sogndal og Førde) og Vestlandsforsking. 

Vestlandsforsking prøver òg eit nytt grep i år: har du lyst til å bestille ein forskar som kan komme til verksemda di når du har tid, tek vi imot bestillingar.

Sjå oversikt over alle arrangementa i Sogn og Fjordane