Forskar på stordata (Big Data)

test
A bird's eye view of Sogndal's university college campus and stadium buildings, where WNRI's offices are located. Foto: Falkeblikk AS

Vestlandsforsking har stor aktivitet med nye prosjekt innan stordata (Big data) og treng inntil to nye forskarar.

Ledig stilling

På forskingsområdet stordata samarbeider vi både med akademia og næringsliv på bruksområde som mobilitet, transport og krisehandtering. Arbeidet omfattar også publisering i leiande internasjonale tidsskrift. Vi deltek og koordinerer stordata-prosjekt med finansiering både frå Norges Forskningsråd og frå EU.

Om stillingane

Forskarane vil gå inn i ei forskingsgruppe for stordata og delta i forskingsarbeidet på området. Arbeidet omfattar deltaking både i søknadsarbeid, prosjektarbeid og publisering og presentasjonar.

Krav til søkjarar

Søkjarar bør helst ha PhD-grad i informatikk eller relatert område. For søkjarar som ikkje har PhD, bør dei vera både interesserte og i stand til å gjennomføra ei slik utdanning. Søkjarar må vidare ha erfaring innan analyse og handtering av store og komplekse datamengder og eventuelt også kunnskapar om maskinlæring. Det er ønskjeleg med kjennskap til, og erfaring med programmerings- og skript-språk som t.d. Python. Gode munnlege og skriftlege kunnskapar i engelsk og norsk er eit krav, og søkjarar bør vera i stand til kreativ problemløysing. Evne til både sjølvstendig arbeid og samarbeid i ei gruppe er også viktig.

Søknadsfrist er 30. juni 2017

For nærare informasjon om stillinga:

Professor Rajendra Akerkar, e-mail: rak@vestforsk.no

Direktør Merete Lunde tlf: 99607678, e-mail: ml@vestforsk.no

Send søknad med CV og publikasjonsliste elektronisk til: post@vestforsk.no. Rettkjende kopiar av vitnemål og attestar/anna dokumentasjon sender du til: Vestlandsforsking, Postboks 163, 6851 Sogndal.

Vestlandsforsking er eit forskingsinstitutt som utfører forsking og utvikling for næringsliv og offentleg sektor. Vi er 25 personar i eit spennande fagmiljø som arbeider med forsking innan klima, miljø, energi, IKT, regional utvikling og reiseliv. Vi har lange tradisjonar med internasjonalt forskingssamarbeid, og vi utfører både regionale og nasjonale forskingsoppdrag. Vi held til ved Fosshaugane Campus i Sogndal i Sogn og Fjordane. Her er vi lokalisert i eit aktivt og innovativt miljø med både forsking, utdanning, idrett og entreprenørskap. Sogn og Fjordane er kjend for fantastisk natur og gode forhold for aktivt friluftsliv sommar som vinter.