Tilrår at reiseliv blir ein viktigare arena for lokalmatsatsing i Vestland

lokale grønsaker
Gjennom lokalmat kan tilreisande til Vestlandet oppleve fylket med fleire sansar. Ei sterkare kopling mellom lokalmat og reiseliv er blant Vestlandsforsking sine tilrådingar i ein ny rapport. Foto: Bøtun

Vestlandsforsking har på oppdrag frå fylkeskommunen kartlagt aktørar og utviklingsprosjekt knytt til lokalmat i Vestland fylke og gitt strategiske råd. Rapporten blir eit grunnlag i fylkeskommunen sin innsats for å styrke salet av lokalmat i Vestland. – Vi tilrår mellom anna å kople lokalmat tettare saman med reiselivsnæringa, seier seniorforskar Kristin Løseth.

Hjortepølser, eplesider, flatbrød og geitost laga i bygder og grender er blant måtane tilreisande kan oppleve Vestlandet på, for ikkje å snakke om kortreiste bær, frukt og grønsaker. Då fylkeskommunen ynskte hjelp til å finne ut kva marknader ein i større grad bør satse på i lokalmatfeltet og peike på tiltak som kan styrke verdiskapinga, var eitt av dei strategiske råda frå Vestlandsforsking å kople lokalmaten tettare saman med reiselivsnæringa.

– Landbruksministeren har uttalt at regjeringa ønskjer ei dobling av den lokale matproduksjonen. Vår undersøking viser at å styrke koplingane mellom lokalmat og reiseliv kan vere med på å auke produksjon og sal av lokalmat og drikke, seier Bård Huseby, som var med på å gjennomføre studien.

Reiselivet står for kring 20.000 arbeidsplassar i fylket og utgjer ein viktig del av verdiskapinga.

– Vestland fylke tek mål av seg til å bli ein av dei fremste regionane i verda for berekraftige, naturbaserte opplevingar med høg kvalitet, og då spelar lokale råvarer og produkt ei naturleg rolle, seier seniorforskar Kristin Løseth.

kristin og bård
Kristin Løseth og Bård Huseby er to av tre forskarar bak ei kartlegging om lokalmatfeltet for Vestland fylkeskommune. Foto: Idun A. Husabø

Tydelege merkevarer har effekt

Ved å vise fram lokalprodusert mat og drikke, får ein fram det særeigne ved staden ein besøker.

Ein måte å nærme seg dette på, er å opprette fleire beskytta geografiske nemningar, meiner forskarane. Dei trekkjer fram suksessen «Sider frå Hardanger», det første norske alkoholproduktet som har oppnådd denne statusen.

– Ein ser effekt av tydelege merkevarer. Dei gjer det enklare for kvar enkelt produsent, og dei ulike merkene kan dra lærdommar av kvarandre, seier Løseth.

Meir offentleg innkjøp

Ein annan større marknad å satse på er innkjøp til offentleg sektor. Forskarane trekkjer fram kantiner og fruktkorger på arbeidsplassar som eit område med rom for betring.

Det bør gå an å sikre at kantiner brukar lokale råvarer og at fruktkorgene inneheld lokal frukt når det faktisk er sesong for frukt og grønt i området, i staden for importerte plommer, eple og pærer, seier Løseth.

Her blir gjerne kompliserte innkjøpsordningar brukte som argument mot offentlege innkjøp av lokalmat, men forskarane viser til kjelder som stadfestar at det finst eit handlingsrom.

– Oppdal blir trekt fram som døme på ein kommune der ein har lukkast med ei slik satsing, seier Løseth.

Tre kjelder til innsikt

Kristin Løseth gjennomførte studien saman med to andre forskarar ved Vestlandsforsking, som begge har solid innsikt i lokalmatfeltet frå arbeid innan reiseliv og landbruk: Bård Huseby og Ivar Petter Grøtte. Studien starta med ei kartlegging av alle aktørar som arbeider med lokalmat i fylket, frå større organisasjonar til mindre føretak.

tunneldyrking
Vestland får stadig færre bønder. Matilde Buch Larsen på Hafslo går mot straumen og satsar på grønsaker. Foto: Bøtun

Neste steg var ei spørjeundersøking for å finne ut meir om lokalmatprosjekta i fylket, både dei som pågår no og dei som har gått føre seg dei siste fem åra. Til slutt inviterte forskarane til eit såkalla fokusgruppemøte, der dei la fram spørsmål til diskusjon. Deltakarane var sentrale aktørar som har vore lenge i lokalmatfeltet. Dei kom frå ulike delar av fylket og representerte ulike deler av verdikjeda.

– Blant spørsmåla dei skulle drøfte, var kva innretning ein framtidig lokalmatstrategi burde ha og kva ein kan gjere utanom det store matvaresystemet i Norge for å få selt lokalmatprodukt til ein god pris, seier Løseth.

Treng fleire bønder og kokkar

Ei underliggande utfordring for satsing på lokalmat er  at det blir færre som produserer mat i Vestland. Færre vil drive gard og det er vanskeleg å rekruttere til bondeyrket. Her er problemstillingane mange, men eit av funna frå spørjeundersøkinga var at produsentane tykte det var motiverande å jobbe i lag med andre for å styrke verdiskapinga knytt til lokalmat.

– Når ein jobbar i slike nettverk, blir ein del av eit større «kollegium». Det kan bidra til at bøndene held motivasjonen oppe, meiner Løseth.

Rekruttering er òg eit problem i ein annan del av lokalmatsystemet: på dei mange kjøkena langs kyst og fjordar. Kokken er heilt sentral i å vise fram lokale råvarer og spesialitetar. Skal reiselivet vere ein viktig marknad for lokalprodusert mat, må ein ha kunnskapsrike og engasjerte kokkar.

– Dette er eit yrke der rekruttering er vanskeleg. Ein må prøve å auke attraktiviteten rundt matyrka, seier Løseth, og viser til tidlegare prosjekt der engasjerte kokkar har vore rundt på skulebesøk.

Bør bygge vidare på suksessar

Mange av prosjekta innan lokalmat har avgrensa med ressursar og kort tidshorisont. Spørjeundersøkinga viste at slike satsingar bør bygge vidare på erfaringar og nettverk som har vist seg å fungere godt.

– Det handlar gjerne om å bli kjende med kvarandre og å bygge tillit, og det tek tid. Har ein først fått noko til å fungere som gjev resultat, bør ein få høve til å bygge vidare på dette.