Grensesprengande klimasamarbeid med Hydro og Årdal kommune

Årdal kommune
Årdal kommune er kjend både for industri og natur. For tida samarbeider dei med forskarar, fylkeskommunen, Miljødirektoratet og Hydro Årdal om å skape ein ny metode for å analysere eigen klima- og naturrisiko under eitt. Foto: Rigmor Øygarden

Med utgangspunkt i industrikommunen Årdal skal Vestlandsforsking bidra til å utvikle ein ny, samla metode for å vurdere risikoen som følgjer med klimaendringar, tap av naturmangfald, og omstilling av samfunnet.
– Så vidt vi har klart å finne ut, er det aldri laga en slik metode før, seier Noradapt-leiar Carlo Aall.

For to år sidan var Årdal kommune i mål med ein ny samfunnsplan med den talande tittelen «Teknologi og miljø inn i framtida». Det overordna målet industrikommunen sette seg der, å bli «eit berekraftig lokalsamfunn med sterke bukvalitetar», er utgangspunktet for prosjektet som er i gang.

– Då samfunnsplanen vart vedteken, tenkte vi «kva no?», for mykje av planen krev ei omstilling og ein litt ny måte å tenke og planlegge på, seier Stine Ohrvik, klima- og miljørådgjevar i Årdal, ein kommune som mellom anna er kjend for metallverket der Hydro framstiller aluminium.

For å utvikle eit godt system for planlegging av samfunnet, kjende kommunen på eit behov for å utvikle system for jamleg vurdering av risikoar som påverkar dei, både lokalt og globalt.

– Ekstremvêrhendingar, samfunnsendringar, og avgjerder som takast på nivå langt over kommunegrensene, påverkar oss i den grad at det uføreseielege er større enn det kjende. Me fann ikkje den gode framgangsmåten for å planlegge etter dei faktorane som var ukjende, seier Ohrvik.

Kommunen valde å lyse ut eit oppdrag og valde Vestlandsforsking og Norce, to av institutta i Noradapt (Norsk senter for berekraftig klimatilpassing) til å gjennomføre prosjektet. Det er no i gang under tittelen  «Kunnskapsgrunnlag og analyse av framtidig klima- og naturrisiko og sårbarheit i Årdal kommune», med midlar frå Vestland fylkeskommune og Miljødirektoratet.

planleggar og rådgjevar i årdal kommune
Arealplanleggar Sebastian Hjertager Lund og klima- og miljørådgjevar Stine Ohrvik er entusiastiske over metodeutviklinga Årdal kommune er med på.

Natur og samfunn endrar seg

Forskarane skal utvikle og teste den nye metoden for å gjere ei samla vurdering av klima- og naturrisiko.

Metoden skal omfatte fire hovudtypar risiko. For det første risikoen som knyter seg til klimaforhold (‘klimarisiko’) og tap av naturmangfald (‘naturrisiko’), og for det andre risiko som vert utløyst av fysiske endringar (av både klimaet og naturmangfaldet) og samfunnsendringar (som følgje av både klimapolitikk og tiltak for vern av naturmangfald).

– Det er lett å gløyme i diskusjonen om risiko, at også strengare krav frå politikarane om å kutte klimagassutslepp og verne natur kan skape utfordringar, og at det er samspelet mellom endringar i natur og samfunn som skapar risiko, seier forskar Carlo Aall ved Vestlandsforsking, som òg er leiar for Noradapt.

– Kva er det som gjer at du kallar dette arbeidet «grensesprengande»?

– Så vidt vi har klart å finne ut, er det aldri laga en slik samla metode før, seier Aall.

Hjørnesteinsbedrifta deltek

Forskarane frå Vestlandsforsking og Norce har med seg Årdal kommune, Vestland fylkeskommune og Miljødirektoratet, men òg industrigiganten Hydro, den desidert største arbeidsplassen i kommunen.

Ohrvik set stor pris på at Hydro Årdal ønskjer å samarbeide om eit slikt prosjekt, der konklusjonen førebels er ukjend fram til metodetesting.

– Hydro og Årdal er jo avhengige av kvarandre, og då er det veldig nyttig at vi snakkar det same språket. Kanskje kan vi då jobbe endå tettare i lag om det felles målet vårt, som er å ha eit berekraftig samfunn med gode kvalitetar, der utsleppsreduksjon er eitt av måla, seier klima- og miljørådgjevaren.

HMS-sjef ved Årdal Metallverk, Hanne Hoel Pedersen, representerer Hydro Årdal i prosjektet.

– For oss som industri er det viktig å ha ein god metode for gjennomføring av denne typen risikovurderingar, då vi òg må levere slike vurderingar knytt til ulike prosjekt. Det vil vere bra for oss om vi kan finne ein metode som lokale aktørar kan gjennomføre sjølv, utan å vere avhengige av å hente inn ekstern bistand i ein kvar samanheng, seier ho.

Hydro har kompetanse på risiko

Den nye metoden er spesiell fordi han både skal kunne brukast av kommunar, men òg ei større industribedrift som Hydro Årdal. Korleis er det mogeleg, kan ein spørje seg?

Litt av svaret ligg i Brussel, forklarer Aall. Store norske bedrifter, særleg dei som importerer produksjonsmiddel og eksporterer produkta sine, bør (eller må) oppfylle EU-krav om å ha oversikt over korleis dei påverkar og blir påverka av klimaforhold og naturmangfald. Bakgrunnen er ei forordning kalla "Taksonomien for berekraftig økonomisk aktivitet", eit klassifiseringssystem som skal legge til rette for at finansmarknadene kanaliserer kapital til lønsame, berekraftige aktivitetar og prosjekt.

carlo og marta
Carlo Aall og Marta Jansen representerere Vestlandsforsking i samarbeidet.

– Når vi likevel skulle lage eit system for analyse av både klima- og naturrisiko i ein kommune der ein del miljøforhold blir påverka av aktiviteten til ei stor, privat verksemd, var det naturlig å høyre om denne verksemda ønskte å delta aktivt i prosjektet – ikkje minst for å spele inn erfaringane og kompetansen Hydro har på å analysere og forhalde seg til miljørelaterte risikofaktorar, seier Aall.

Byggjer kunnskap i lag

Stine Ohrvik er særleg begeistra for arbeidsforma i prosjektet: arbeidsverkstader der forskarane og kommunen trekkjer inn representantar for ulike sektorar i lokalsamfunnet, til dømes reiseliv og andre næringar.

– At Årdal kommune faktisk får eit eige prosjekt som skal forme og utvikle ein metode kommunar kan bruke, i staden for berre å få servert ein metode, er viktig for kommunen, der metoden skal brukast til dagleg. At alle i prosjektet jobbar i lag med oss om eit felles mål, er òg fantastisk spennande, seier Ohrvik.

Kan brukast av alle kommunar

Forskingsprosjektet vil i neste omgang innebere å dele kunnskap med andre kommunar i fylket. Etter eit år med metodeutvikling skal kvar og ein av kommunane i Vestland i gang med å analysere sin eigen klima- og naturrisiko, under rettleiing frå fylkeskommunen.

For Årdal kommune er det viktig at metoden blir nyttig for alle slags kommunar, også dei med ein heilt annan næringsprofil og storleik enn industridominerte Årdal.

– Vi vil at metoden skal kunne brukast like lett i kommunar som Solund og Bergen, seier Ohrvik.